Othoní
Othoní Lokalt namn Οθωνοί | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Dei joniske øyane |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune |
Dei joniske øyane Kérkyra Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane |
Hovudsete | Othoní (392 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 392 (2011[1])
|
Othoní (gresk Οθωνοί) eller Fano er den vestlegaste av dei greske øyane. Ho er den største av dei diapontiske øyane, ei gruppe småøyer nordvest for Kérkyra i Dei joniske øyane. Administrativt høyrer Othoní til periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, og var tidlegare eigen kommune. Øya vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.[2][3]
Øya har 392 innbyggjarar (2011). På 1800-talet var øya hovudsete for kommunen Diapóntiaøyane, som bestod av øyane Othoní, Erikoússa og Mathráki. Dei fleste innbyggjarane på øya har sitt opphav i folk frå Paxí som busette seg her i 1570-åra.
I ei grotte nær Aspros Ammos-stranda skal i følgje segna Kalypso ha halde Odyssevs til fange.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Νόμος 4600/2019 - ΦΕΚ 43/Α/9-3-2019
Lov 4600/2019: Endringar i Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 1. august 2023, henta 7. september 2023
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Othonoi frå Engelsk Wikipedia .