Oude Maas
| Oude Maas | ||
| Utspring | Beneden Merwede | |
| Munning | Nieuwe Maas | |
| Land i nedslagsfelt | Nederland | |
| Lengd | 30 km | |
|
|
||
Oude Maas («Gamle Maas») er ei grein i deltaet til Rhinen-Maas i Zuid-Holland i Nederland. Ho startar ved byen Dordrecht der elva Beneden Merwede deler seg i Noord og Oude Maas.
Oude Maas dannar den sørlege grensa til øya IJsselmonde. Like etter Dordrecht deler elva seg i Dordtsche Kil og etter dette dannar Oude Maas den nordlege grensa til øya Hoeksche Waard og renn vestover til ho deler seg i Spui ved Oud-Beijerland. Oude Maas held så fram nordvestover mellom byane Spijkenisse og Hoogvliet og renn saman med Nieuwe Maas ovanfor byen Vlaardingen. Dei to elvane renn vidare som Het Scheur og ut i Nordsjøen.
Sjølv om denne greina heiter «Gamle Maas» får ho det meste av vatnet sitt frå Rhinen. Elvenettverket i området har endra seg så mykje gjennom tidenen at verken Nieuwe Maas eller Oude Maas vert rekna som ein del av Maas lenger. Begge elvane får berre vatn frå Rhinen, i alle fall det meste av tida. Elva er ei tidvasselv og området ho renn gjennom er ein populær rekreasjonsstad.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oude Maas» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2008.