Ovid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ovid i Liber Chronicarum frå 1493.

Publius Ovidius Naso, oftast kjent som Ovid (20. mars 43 f.Kr—år 17 eller 18), var ein romersk skald. Han skreiv om kjærleik, romerske festivalar og forlatte kvinner, men er nok mest kjend for Metamorphoses eller Metamorfosane, eit diktverk om ei rekkje mytologiske omskapingar.

Diktaren er kjend som ein meister av elegisk distikon, og hadde stor innverknad på seinare kunstnarar, frå si eiga tid til Renessansen. Dikta hans inspirerte både diktarar og andre kunstnarar. Mellom anna dei italienske diktarane Francesco Petrarca, Boccaccio og Dante, Chaucer og Shakespeare i England, og seinare Cervantes og Holberg blei inspirerte av Ovid.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Ovid var fødd i Sulmona i Abruzzo. Han blei utdanna innan retorikk i Roma, og prøvde seg på ein karriere som jurist, men evna berre å skrive vers.

Gudegildet, måla av Giovanni Bellini og Tizian på 1500-talet, var inspirert av Ovid sine bakkanalskildringar.

Som diktar blei han teken opp i kretsen rundt mesenen Mesella.

Ovid naut det romerske selskapslivet, der han blei kjend med andre diktarar som Macer og Propertius. Han gifta seg tre gonger; medan dei to første ekteskapa enda med skilsmisse skal han ha hatt eit svært kjærleg tilhøve til den siste, Fabia.

I år 8 landsforviste keisar Augustus diktaren frå Roma av uklare årsaker. Ovid skreiv sjølv at det var på grunn av «eit mistak og eit dikt». Diktet er truleg Ars Amatoria, ei lærebok i elskhug på vers, som passa dårleg med den nye vektlegginga på moral i den romerske overklassen. Feilen hans kan vera ein affære med ein kvinneleg slektning av Augustus, eller at han heldt ein annan kjærleikshistorie løynd.

Ovid drog til Tomis ved Svartehavet, der han skreiv to triste diktverk, Tristia og Epistulae ex Ponto om eksilet sitt. Han sakna heimbyen og den kjære tredje kona si. Ovid døydde i år 17 eller 18, utan å få koma tilbake til Roma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ovid