Pølse i brød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pølse i brød med sennep og ketchup.
Foto: Kinsley Ogunmola
Heimelaga pølse i brød med majones, lauk og pickle som garnityr.
Foto: Eric Guinther

Pølse i brød er ein matrett sett saman av ei pølse inni eit brød. Retten kan etast medan handhalden og er ofte brukt som snøggmat. Det er vanleg å ete pølser under store samankomingar og mindre høgtidelege selskap, til dømes ved feiringar av fødselsdagar, nasjonaldagar og jonsok eller ved idrettsarrangement. Retten er også vanleg å selja vedbensinstasjonar, kioskar og ferjer. Pølse med særskild tillaga pølsebrød oppstod i USA, men har også festa seg som ein del av norsk matkultur, der ein også finn variasjonar som pølse i lompe eller vaffel.

Dei vanlegaste pølsene å putta i brød er grillpølse og wienerpølse. Pølsa som skal i brødet blir selt kokte og treng berre varmast før servering. Ein kan grilla, koka, dampa, bakt, steikt eller varma dei på bål. Variasjonar av pølse i brød er innbakt pølse og pølse i pinnebrød. Vanleg pølsegarnityr er rå eller steikt lauk, ketchup, sennep, potetsalat, rekesalat, ost, oppskore sideflesk med meir.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Pølse i brød blei først seld i store mengder i 1870-åra av tysk-amerikanaren Charles Feltman, som opna eit utsal på Coney Island i New York. Det finst også soger om ulike tyske pølseseljarar på 1880-taket som tok til å selja pølser i småbrød i staden for å levera ut hanskar til å eta dei med fordi hanskane stadig forsvann. Retten blei særleg knytt til baseballkampar, mellom anna frå 1893 gjennom Chris von der Ahe som eigde både laget St. Louis Browns og ein fornøyingspark og serveringsstad like ved.

Retten blei kjend som hot dog i USA etter eit slanguttrykk som knytte hundar (og i nokre høve hundekjøt) til pølser. Ei vandresoge om opphavet til namnet viser til ein avisteiknar som rundt 1900 skulle ha teikna ein dachshund i eit pølsebrød og kalla han «hot dog» på ein baseballkamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pølse i brød