Pan European Game Information

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til PEGI
Merket for spel som inneheld stygt språk

Pan European Game Information (PEGI) er eit system for aldersgrensesensur av dataspel som blir brukt i Europa. Det er utvikla av Interactive Software Federation of Europe (ISFE) og vart nytta for fyrste gong i april 2003. PEGI-systemet blir i dag brukt i over 30 land, inkludert Noreg, og skal hjelpe med å gjere det tydeleg kven eit dataspel passar for.

Merke[endre | endre wikiteksten]

Systemet hjå PEGI er sett saman av fem alderskategoriar og spesifikke merke som representerer ein særskilt type innhald i spel.[1] Bakgrunnsfargen til aldersmerka endrar seg frå grøn til raud dess høgre opp eit spel kjem på skalaen. Spel merkte med 12+ og 16+ har gul bakgrunn, medan merket for 18+ er raudt. Spel med aldersgrensene 3+ og 7+ har grøn bakgrunn.

PEGI 3.svg
PEGI 7.svg
PEGI 12.svg
PEGI 16.svg
PEGI 18.svg

PEGI nyttar fem ymse aldersgrenser i alle regionane. I Portugal kom systemet for aldersensur av filmar i samanstøyt med standardmodellen til PEGI, og to av alderskategoriane hjå PEGI vart følgjeleg endra for å unngå vanskar; 3+ (endra til 4+) og 7+ (endra til 6+).

0,4% av spela PEGI har vurdert er merkte med aldersgrensa 3+. 0,6% er merkte 7+, 3% 12+, 6% 16+ og berre 90% 18+.

I tillegg til merka for aldersgrense finst det òg spesifikke merke for ulike typar innhald. Til dømes vald, erotikk, skremmande scener og stygt språk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]