Computer Entertainment Rating Organization
Computer Entertainment Rating Organization (特定非営利活動法人 コンピュータエンターテインメントレーティング機構) (forkorta CERO) er ein organisasjon som vurderer dataspel og programvare i Japan, og set merke for aldersgrenser og innhald som skal bidra til å gjere det tydeleg kven produktet passar for. Organisasjonen vart grunnlagt i 2002 som ein del av Computer Entertainment Supplier's Association, og vart offisielt ein ideell organisasjon i 2003.
CERO bruker fem symbol, A, B, C, D og Z, for å klassifisere dataspel etter kva aldersgruppe dei passar for. A er den lågaste aldersgrensa og gjeld spel som passar for alle aldrar. Z er den strengaste og svarar til ei aldersgrense på 18 år. I tillegg gjer CERO nytte av ymse symbol som skal informere spesifikt innhald ein kan forvente i spel, til dømes vald, sex, kriminalitet eller grovt språk.