Selevkideriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Σελεύκεια
Seleúkeia
Selevkideriket
Vergina sun.svg
312 fvt.63 fvt.
Plasseringa til Selevkidane
Selevkiderekket i 301 fvt.
Hovudstad Selevkia
(305–240 fvt.)

Antiokia
(240–63 fvt.)
Språk Gresk(offisielt)[1]
Persisk
Arameisk[1]
Religion Olympianisme
Babylonsk religion[2]
Parsisme
Styreform Monarki
Basileos
 - 305–281 fvt. Selevkos I (første)
 - 65–63 fvt. Filip II (siste)
Historisk periode Hellenistisk periode
 - Diadokekrigane 312 fvt.
 - Slaget ved Ipsus 301 fvt.
 - Den romersk-syriske krigen 192–188 fvt.
 - Apamea-traktaten 188 fvt.
 - Makkabearopprøret 167–160 fvt.
 - Annektert av Roma 63 fvt.
Føregjengar
Etterfølgjarar
Vergina sun.svg Det makedonske riket
Provinsen Syria Spqrstone.jpg
Partia Blank.png
Det gresk-batriske kongedømet Blank.png
Det hasmonske kongedømet Blank.png
Magadha Blank.png
Osroene Blank.png
I dag ein del av

Selevkideriket (gresk: Σελεύκεια, Seleύkeia) var eit gresk-makedonsk hellenistisk rike som vart oppretta av Selevkos I Nikator i kjølvatnet av fragmenteringa av det veldige riket til Aleksander den store då han døydde.[3][4] Hærføraren Selevkos sin del vart Babylonia, og derfrå utvida han territoriet sitt til å omfatte det meste av dei austlege områda til Aleksander i Asia. På høgda av makta til riket omfatta det sentrale Anatolia, Levanten, Mesopotamia, Iran, Afghanistan, Turkmenistan, Pamirfjella og dagens Pakistan. Det var over 30 kongar i Selevkide-dynastiet frå 323 f.Kr. til 60 f.Kr.

Selevkidriket var eit viktig senter for hellenistisk kultur som opprettheldt greske skikkar og der ein gresk-makedonsk politisk elite og overklasse dominerte i byområda.[5][6] Den greske folkesetnaden i byane vart danna av den herskande eliten som vart forsterka av innvandring frå Hellas.[5] Ekspansjonen til Selevkidriket inn i Anatolia og Hellas vart brått bremsa opp etter eit avgjerande nederlag for den romerske hæren. Forsøka deira på å slå den gamle fienden sin, Egypt under ptolemearane, vart forstyrra av romarane. Mange av dei austlege delane av riket vart erobra av Partia under Mitridates på 100-talet f.Kr., men selevkidane fortsette å styre ein gjenverande bit i Syria inntil dette området vart invadert av den armenske kongen Tigranes den store. Den endelege nedkjempinga deira av Romerriket var ved hærføraren Pompeius på 60-talet f.Kr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delinga av riket til Aleksander[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diadokane.
Mynt prega av Seleukos I Nikator.

Aleksander erobra Persarriket under akamenidekongen Dareios III (336 –330 f.Kr.) innanfor eit kort tidsrom. Han døydde ung i 323 f.Kr., berre 32 år gammal, og etterlét seg eit veldig rike utan ein vaksen arving. Riket vart underlagt styret til regenten Perdikkas, og vart så fordelt mellom generalane til Aleksander under fordelinga i Babylon same året. Dei fekk dermed status som satrapar i kvart sitt område.

Selevkos får meir makt[endre | endre wikiteksten]

Generalane til Aleksander, diadokane, byrja å stridast om overherredømmet over dei ulike delane av riket. Ptolemaios I Soter, ein tidlegare general og satrap i Egypt, var den første som utfordra det nye systemet. Det førde til at då den aldrande Perdikkas døydde i 321/320 f.Kr. førte Ptolemaios-opprøret til at det vart skipa eit nytt møte, fordelinga ved Triparadeisos. Selevkos hadde vore øvstkommanderande under Perdikkas sidan 323 f.Kr., men han hadde vore med på å drepe han. Selevkos fekk Babylonia, og frå det tidspunktet byrja han å utvide områda sine naudelaust. Han etablerte seg i Babylon i 312 f.Kr., og dette året har vorte nytta som datoen for skipinga av Selevkideriket. Han styrde ikkje berre over Babylonia, men over heile den veldige, austlege delen av riket til Aleksander:

«Alltid liggjande på lur mot nabonasjonane, sterk i krigsmakt og overtalande i rådsforsamlingar, overtok han [Selevkos] Mesopotamia, Armenia, Selevkide-Kappadokia, Persis, Partia, Baktria, Arabia, Tapouria, Sogdia, Arakosia, Hyrkania, og andre tilstøytande folk som hadde vorte underkasta av Aleksander, så langt som til elva Indus, slik at grensene til riket hans var det mest omfattande i Asia etter det til Aleksander. Heile regionen frå Frygia til Indus var underlagd Selevkos.»[7]
Appian, Dei syriske krigane

Selevkos drog så langt av stad som til India, der han etter to år med krig nådde ei semje med den indiske herskaren Chandragupta Maurya. I byte mot dei austlege områda sine fekk han ein stor styrke av 500 krigselefantar som kom til å spele ei avgjerande rolle i slaget ved Ipsos i 301 f.Kr.

«Indarane okkuperte delvis ein del av landområda som låg langs Indus, som tidlegare hadde tilhøyrt persarane: Aleksander [...] hadde etablert eigne busetjingar der. Men Selevkos I Nikator gav dei til Sandrokottos [Chandragupta Maurya] som resultat av ein ekteskapskontrakt, og mottok tilbake fem hundre elefantar.»[8]
Strabon, Geografika

Ekspansjon vestover[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet til diadokane, ca. 303 f.Kr..

Som følgje av sigeren over Antigonos I Monofthalmos i det avgjerande slaget ved Ipsos i 301 f.Kr., saman med Lysimakhos, kunne Selevkos ta kontroll over austlege Anatolia og nordlege Syria.

I det sistnemnde området grunnla han ein ny hovudstad, Antiokia ved Orontes, ein by kalla opp etter faren hans. Ein alternativ by vart etablert i Seleukia ved Tigris i Mesopotamia, nord for Babylon. Hans tidlegare allierte Lysimakhos vart slått i slaget ved Korupedion i 281 f.Kr., og Selevkos kontrollerte no heile det vestlege Anatolia. Han håpte òg å ta kontroll over riket til Lysimakhos i Europa, hovudsakleg Trakia og sjølv Makedonia, men vart drepen av Ptolemaios Keraunos då han gjekk i land på det europeiske fastlandet.

Sonen og etterfølgjaren hans, Antiokos I Soter, vart etterlaten eit veldig rike som bestod av bortimot alle dei austlege delane av Aleksander sitt tidlegare rike, men han stod overfor Antigonos II Gonatas i Makedonia og Ptolemaios II Filadelfos i Egypt. Han viste seg ikkje i stand til halde fram den pågåande erobringa til faren i dei europeiske delane av riket til Aleksander.

Eit omfattande og altfor utstrekt rike[endre | endre wikiteksten]

I Baktria utropte satrapen Diodotos sjølvstende og oppretta det gresk-baktriske ca. 245 f.Kr.
Selevkideriket rundt 200 f.Kr. (før ekspansjonen inn i Anatolia og Hellas).

Sjølv før Selevkos døydde var det vanskeleg å oppretthalde kontroll over dei særs store avstandane i dei austlege områda av Selevkideriket. Selevkos invaderte Punjab i 305 f.Kr. og konfronterte Chandragupta Maurya (Sandrokottos), grunnleggjaren av Mauryariket. Plinius den eldre hevda at Chandragupta stilte opp med ein hær på 600 000 soldatar og 9000 krigselefantar.[9] Dagens historikarar bekrefter at Chandragupta mottok det store landområdet vest for Indus, forsegla i ei avtale, inkludert Hindu Kush, dagens Afghanistan og provinsen Balutsjistan i dagens Pakistan.[10][11] Konkrete arkeologiske teikn på at Mauryariket styrte kan ein til dømes sjå i forordningar frå Ashoka så langt vest som i Kandahar i sørlege Afghanistan.

Ein utbreidd teori er at Chandragupta vart gift med dotter til Selevkos, eller i det minste ei makedonsk prinsesse, for å formalisere ein allianse med Selevkos.[12][13][14] I tillegg til denne avtala sende Selevkos ein ambassadør, Megasthenes, til Chandragupta, og seinare Deimakos til sonen til den indiske kongen Bindusara, ved det indiske hoffet ved Pataliputra (dagens by Patna i den indiske delstaten Bihar). Megasthenes skreiv seinare detaljert om India og kongedømet til Chandragupta som har vorte delvis bevart for ettertida via Diodorus Siculus. Seinare skal òg Ptolemaios II Filadelfos, herskaren av Det ptolemeiske kongedømet i Egypt og ein samtidig av Asjoka den store, ha send ein ambassadør ved namn Dionysios til hoffet i Mauryariket.[15]

Andre område som gjekk tapt før Selevkos døydde var Gedrosia i den søraustlege delen av Det iranske høglandet, og nord for dette Arakosia på vestbreidda av elva Indus.

Antiokos I Soter (styrde 281–261 f.Kr.) og sonen hans Antiokos II Theos (styrde 261–246 f.Kr.) møtte utfordringar i vest, mellom anna gjentekne krigar med Ptolemaios II av Egypt og ein keltisk invasjon av Anatolia. Det tok merksemda frå å halde på dei austlege provinsane av riket. Mot slutten av Antiokos II sitt styre hadde ulike provinsar lausrive seg, blant anna Baktria under Diodotos I, Partia under Arsakes og Kappadokia under Ariarathes III.

Kart over Anatolia.
Sølvmynt prega av Antiokos III den store.

På den tida då Selevkos II Kallinikos, son av Antiokos II Theos, kom på trona ein gong rundt 246 f.Kr., verker det som om selevkideherskarane hadde hamna i ein openbar tilbakegang. Selevkos II vart snart dramatisk slått i den tredje syriske krigen mot Ptolemaios III av Egypt, og måtte deretter utkjempe ein borgarkrig mot sin eigen bror Antiokos Hierax. Baktria og Partia greip høvet då selevkidekongen var oppteken på anna hald med å rive seg laus frå riket. I Anatolia synest kongen òg å miste kontrollen. Eit invaderande keltisktalande folk hadde strøymt inn frå Europa og etablerte seg hovudsakleg i Galatia, i eit område som har fått namn etter dei, og andre delvis hellenistiske kongedøme danna seg i Bitynia, Pontos og Kappadokia, og den mektige greske byen Pergamon på austkysten av Egearhavet sikra seg òg sjølvstende under Attaliddynastiet.

Diodotos, som var guvernør for det baktriske området, gjorde seg uavhengig ein gong rundt 245 f.Kr., sjølv om den nøyaktige datoen er langt frå sikker. Han danna det gresk-baktriske kongedømet. Dette riket var prega av ein rik hellenistisk kultur, og heldt fram å dominere Baktria fram til rundt 125 f.Kr. då riket vart velta av invaderande nordlege nomadar. Ein av dei gresk-baktriske kongane, Demetrios I av Baktria, invaderte India ein gong rundt 180 f.Kr. og oppretta Det indo-greske kongedømet som kom til å vare fram til rundt år 20.

Satrapen til Selevkideriket i Partia, Andragoras, reiv seg laus og utropte området sjølvstendig, parallelt med det baktriske nabolandet.[16] Kort tid etter, i tida rundt 238 f.Kr., invaderte ein stammehøvding frå Partia ved namn Arsakes det nordlege området. Han oppretta sitt eige herskardynasti som skulle veksa til det mektige partiske riket.

Oppgang (223–191 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

Sølvmynt med Antiokos III

Selevkideriket fekk ein oppgang då den yngre sonen til Selevkos II Kallinikos, Antiokos III den store kom på trona i 223 f.Kr. Sjølv om han innleiingsvis hadde liten framgang i den fjerde syriske krigen mot Egypt, noko som førde til eit nederlag i slaget ved Rafia i 217 f.Kr., viste han seg som ein av dei største selevkidekongane etter Selevkos I Nikator sjølv. Antiokos tilbrakte dei neste ti åra i anabasis (militære kampanjar) gjennom dei austlege delane av områda sine, og tvinga dei opprørske vasallstatane Partia og Gresk Baktria til i det minste nominelle lydskap. Han gjekk sigrande ut av slaget ved Arios (ved elva Hari Rud i dagens Afghanistan) og kringsette deretter hovudstaden Baktria (dagens Balkh) i heile tre år inntil ei fredsavtale vart inngått. Herskaren Euthydemos vart respektert som ein alliert, og fekk ei av døtrene til Antiokos som stadfesting på at dei hadde ei semje.[17] Han etterlikna så Aleksander den store med å invadere India, der han møtte den lokale kongen Subhagasena som grekarane refererte til som Sophagasenos, og mottok krigselefantar:

«Han (Antiokos) kryssa Kaukasus og steig ned og inn i India; fornya venskapen sin med Sophagasenos, kongen til indarane; mottok fleire elefantar, inntil han hadde eit hundre og femti til saman; og etter å ha skaffa forsikringar for troppane sine, drog han igjen ut personleg med hæren sin; etterlét Androsthenes frå Kyzikos med plikta å frakte heim rikdomane som denne kongen hadde vedteke å overrekke til han.» Polybius 11.39

Då han hadde kome tilbake i vest i 205 f.Kr. fekk han vite at Ptolemaios IV av Egypt var død. Dette verka som eit lovande tidspunktfor eit nytt åtak på Egypt. Han inngjekk ei avtale med Filip V av Makedonia om å dele dei ptolemeiske områda utanfor Egypt dei imellom. I den femte syriske krigen vart kontrollen over Koilesyria fråvrista den nye faraoen i Egypt, Ptolemaios V av Egypt. Slaget ved Paneion i 198 f.Kr. avgjorde heilt og halde at desse områda vart overførde frå Egypt og over på Selevkideriket. Antiokos III synest å ha tilbakeført Selevkideriket til den tidlegare stordommen sin.

Ekspansjon inn i Hellas og krig med Roma[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av hans til då allierte Filip V av Makedonia nederlag for Roma, i 197 f.Kr., såg Antiokos III høvet for å ekspandere inn i Hellas. Oppmuntra av den landflyktige kartagiske hærføraren Hannibal, og i ein ny allianse med det misnøgde aitoliske forbundet, gjekk han i gang med ein invasjon ved å kryssa Dardanellane.

Med den store hæren sin hadde Antiokos til føremål å etablere Selevkideriket som den fremste statsmakta i den hellenistiske verda, men desse planane om eit imperium kolliderte med den nye stormakta ved Middelhavet, Roma og Den romerske republikken. I slaga ved Thermopyle (191 f.Kr.) og Magnesia (190 f.Kr.) vart styrkane til Antiokos fullstendig slått og han vart tvinga til å inngå fred og gå med på Apamea-avtala i 188 f.Kr. Dei fremste klausulane der var at han måtte betale ei stor erstatning, trekkje seg ut av Anatolia og aldri igjen freiste å ekspandere Selevkideriket vest for Taurusfjella. Kongedømet Pergamon og republikken Rhodos, Roma sine allierte i krigen, vart gjevne dei tidlegare selevkideområda i Anatolia.[18]

Antiokos III døydde i 187 f.Kr., året etter den audmjukande fredsavtala, medan han var på ein ny ekspedisjon. Denne gongen var han i aust, der han freista å skaffe pengar for å betale erstatninga.[19]

Roma, Partia og Judea[endre | endre wikiteksten]

Makkabearane har namnet sitt etter den store jødiske opprørshelten Judas Makkabeus, her representert med sverd.

Herredømmet til sonen til Antiokos og etterfølgjar hans, Selevkos IV Filopator (187–175 f.Kr.), var prega av at han freista å samle saman den store erstatninga som romarane kravde, og Selevkos vart til sist myrda av sin eigen minister Heliodoros. Den yngre broren hans Antiokos IV Epifanes (175–163 f.Kr.) greip då makta og trona. Han freista å gjenopprette stordommen til riket med ein suksessfull krig mot den gamle fienden Egypt. Innleiingsvis gjekk det godt; selevkidane vann og dreiv den egyptiske hæren tilbake til Alexandria. Ifølgje den romerske historikaren Titus Livius fekk Antiokos besøk av den romerske prokonsulen Gaius Popillius Laenas samstundes som han la planar om å fullføre krigen. Popillius la straks tavler med vedtak frå Det romerske senatet og kravde at han las dei. Antiokos svara at han ville først samankalle rådet sitt for å ta ei avgjersle. Popillius streka opp ein sirkel rundt føtene til kongen med staven sin og sa: «Før du går ut av sirkelen må du gje meg eit svar til senatet.» Ein perpleks Antiokos svara til sist at «Eg skal gjere det som senatet meiner er riktig.» Han valde deretter å trekkje styrkane sine ut av Egypt framfor å risikere å tape riket sitt i ein ny krig med Roma.[20]

Den siste delen av styret hans førde til ein ytterlegare oppsmuldring av riket, trass i at han prøvde så godt han kunne. Svekka økonomisk, militært og med tap av prestisje, vart Selevkideriket sårbart for opprørarar i dei austlege områda som ytterlegare underminerte riket. Samtidig flytta Partia inn i maktvakuumet ved overta eldre persiske landområde.

I Midtausten førde Antiokos IV si aggressive hellenisering til eit storstilt militært opprør i det jødiske Judea, først leia av presten Mattatias som i 167 f.Kr. slo i hel ein hellenistisk representant frå Selevkideriket som skal ha forlangt at han skulle ofre til dei greske gudane. Namnet makkabearane synest ha kome frå sonen til Mattatias, Judas makkabearen.[21][22] Strevet med å handtere både den partiske trusselen og jødane forutan òg å halde på kontrollane over provinsane på same tid, viste seg å vere meir enn det det svekka Selevkideriket var i stand til. Antiokos IV døydde medan han var på ein militær ekspedisjon mot partiarane i 164 f.Kr.

Borgarkrig og ytterlegare nedgang[endre | endre wikiteksten]

Sølvmynt av Aleksander I Balas.

Då Antiokos IV Epifanes døydde vart riket meir og meir ustabilt. Hyppige opprør og borgarkrigar gjorde den sentrale autoriteten spinkel. Den ungen sonen til Antiokos, Antiokos V Eupator, vart styrta av Demetrios I Soter, son av Selevkos IV Filopator, i 161 f.Kr. Demetrios freista deretter å gjenopprette den tidlegare maktposisjon til Selevkideriket, særleg i Judea, men vart sjølv styrta i 150 f.Kr. av Aleksander I Balas, ein bedragar som med egyptisk støtte hevda å vere ein son av Antiokos IV Epifanes. Aleksander styrde riket fram til 145 f.Kr. då han vart styrta av sonen til Demetrios, Demetrios II Nikator, som heller ikkje var i stand til å halde på kontrollen over kongedømet. Medan han styrde over Babylonia og austlege Syria frå Damaskus, heldt tilhengarane til Aleksander I Balas kontrollen over byen Antiokia ved Orontes, først ved å støtte sonen til Balas, Antiokos VI Dionysos, så opprørsgeneralen Diodotos Tryfon.

I mellomtida heldt svekkinga av riket fram. Ved 143 f.Kr. hadde jødane ved makkabearane etablert sjølvstende. Den partiske ekspansjonen heldt fram. I 139 f.Kr. vart Demetrios II overvunnen i eit slag mot partiarane og vart teken til fange. På dette tidspunktet hadde heile Det iranske høglandet gått tapt til Partia.

Bror til Demetrios, Antiokos VII Sidetes, tok trona etter at broren hans var tilfangeteken. Han stod overfor den enorme oppgåva å hindre at Selevkideriket fall ytterlegare saman. Kontrollen over Koilesyria var truga av jødiske makkabearopprørarar. Dei tidlegare vasallstatane i Armenia, Kappadokia, Pontos truga Syria og nordlege Mesopotamia. Partiarane under leiing av kong Mitridates, hadde teke høglanda i Media. Samstundes var det konstant trussel for at Romerriket ville invadere.

Antiokos VII klarte å undertvinge makkabearane og skremde landa i Anatolia til å underkaste seg mellombels, men i 133 f.Kr. vende han seg austover med heile den kongelege hæren, støtta av ein tropp jødar under makkabeerfyrsten Johannes Hyrkanos, fast bestemd på å stoppe vidare ekspansjon frå Paria. Krigføringa hans møtte innleiingsvis eineståande suksess. Han gjenerobra Mesopotamia, Babylonia og Media; sigra over og drap den partiske satrapen i byen Seleukia ved Tigris, visstnok i personleg kamp. Vinteren 130/129 f.Kr. var hæren spreidd i vinterleirar over heile Media og Persis då den partiske kongen Fraates II gjekk til motåtak. Då Antiokos VII forflytta seg med dei soldatane han umiddelbart hadde tilgjengeleg, vart han overfallen og drepen.

Etter at Antiokos VII døydde vart alle dei gjenerobra austlege områda raskt overteke av partiarane. Makkabearane greip høvet ved den indre uroen i riket til å gjere opprør igjen, og borgarkrig sleit riket sund. Samstundes byrja armenarane å trenge inn i Syria frå nord.

Samanbrot (100–63 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

Pompeius gjorde endeleg slutt på Selevkideriket.

Ved 100 f.Kr. var det som stod att av det ein gong så mektige Selevkideriket berre litt meir enn Antiokia og nokre få andre syriske byar. Trass i det openberre samanbrotet og nedgangen for kongedømet rundt dei, heldt adelen fram med å opptre som kongemakarar, berre tidvis forstyrra av innblanding frå ptolemeiske Egypt og av andre utanlandske makter. Selevkidane eksisterte berre ved at ingen annan nasjon enno hadde utsletta dei, eller kanskje ikkje ynskte å utslette dei, då riket utgjorde ein nyttig buffersone mellom dei og andre nabostatar. I krigane i Anatolia mellom Mitridates VI av Pontos og den romerske hærføraren Lucius Cornelius Sulla vart selevkidane stort sett oversett av begge partane.

Den ambisiøse svigersonen til Mitridates, kong Tigranes I av Armenia, såg derimot eit høve til å ekspandere inn dei stadige stridane i sør. I 83 f.Kr., på invitasjon frå ein av fraksjonane i Selevkideriket, invaderte han Syria. Tigranes etablerte raskt seg sjølv som herskar av Syria, og gjorde samstundes ende på Selevkideriket.

Styret til selevkidane var likevel ikkje heilt og halde over. Etter at den romerske generalen Lucullus gjekk på nederlag overfor både Mitridates og Tigranes i 69 f.Kr. vart eit nytt selevkidekongerike oppretta under Antiokos XIII Asiatikos. Men dette riket var altfor lite og makteslaust til å forhindre nye borgarkrigar då endå ein selevkideutfordrar dukka opp i form av Filip II Filorhomaios. Etter at romarane hadde erobra Pontos, vart romarane i aukande grad uroa av dei stadige stridane i Syria. Så snart Pompeius hadde slått Mitridates, tok han på seg oppgåva med å omforme heile det hellenistiske Austen ved å opprette nye klientkongedøme og provinsar som var underkasta Romarriket. Medan klientrike som Armenia og Judea enno hadde ei viss form for sjølvstyre under lokale kongar, oppfatta Pompeius selevkidane som altfor plagsame til at dei burde få halde fram som før. Han fekk rydda av vegen begge dei rivaliserande selevkidefyrstane og gjorde Syria til ein romersk provins.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bagadates I (mynt prega 290–280 f.Kr.) var den første innfødte satrapen i Selevkideriket.[23]

Styresystem[endre | endre wikiteksten]

Selevkidane grunnla opptil hundre byar og opprettheldt eller reformerte infrastrukturen til dei persiske kongane. Byane bygde på dei greske polisane med gymnasion, amfiteater og torg. Medlemmar av overklassa vart ofte hellenistiske, men dei tidlegare brukte språka vart òg brukte i administrasjonen.

Sjølv om hæren hovudsakleg hadde på greske soldatar, vart ei rekkje ulike troppar frå Persia og Babylonia bygd inn, blant dei katafraktane, det tunge kavaleriet til akamenidane. Der var fleire nasjonalistiske utbrot i Persia, men det vart alle slått ned, og selevkidane arbeidd for å akseptere ved å opptre som vernarar av persiske og babylonske kultar. Etnisk sett vart dynastiet delvis persisk gjennom giftemål frå dei persiske Kappadokia-kongane, som gjorde krav på å stamme frå dei sju følgjessveinane til Dareios den store.

Greske busetjingar i imperiet var hovudsakleg sentrert i Syria, der hovudstaden Antiokia var den viktigaste, til ei viss grad Babylonia der den nyoppretta byen Selevkia ved Tigris (kalla opp etter Selevkos I Nikator) avløyste Babylon som den austlege residensbyen. Paradoksalt budde òg mange grekarar i den fjerne provinsen Baktria (Afghanistan/austlege Iran), mange av dei etniske grekarar i motsetnad til dei etniske makedonarar. Aleksander hadde etterlate det greske infanteriet sitt der då han ikkje stolte fullt på dei, men historikarar foreslår òg at akamenidane deporterte opprørske greske undersåttar dit.

I motsetnad til Alexandria i Egypt var ikkje hellenistisk kultur og forsking på same høgd i Selevkideriket, men nokre av dei stoiske filosofane kom frå Syria, og den verdsleiande fysikaren Erasistratos oppheldt seg ved hoffet til Selevkos I Nikator. Dei babylonske krønikene er hovudkjelda til den antikke historia i Midtausten, og vart skrivne av innfødde babylonske Berossos. Imperiet var sentrum for fleire viktige handelsruter som gav kongane store inntekter. Myntane til selevkidane var anerkjende som løn langs Silkevegen. Venlege relasjonar vart oppretthaldne med Mauryariket i nordlege India, som Selevkos I hadde avstått store område vest for Induselva til i byte mot krigselefantar til bruk mot motstandarane sine i vest.

Hellenisering[endre | endre wikiteksten]

Den geografiske utstrekkinga til Selevkideriket, frå Egearhavet og til det som i dag er Afghanistan og Pakistan, skapte ein smeltedigel av ulike folk og kulturar, blant anna grekarar, armenarar, persarar, medarar, assyrarar, og jødar. Den enorme storleiken til riket, følgt av den mangfaldige naturen, fekk herskarane i riket til å freiste å skape ein einingspolitikk som medførde etnisk samskipnad, i si tid påbegynt av Aleksander den store.

Helleniseringa av Selevkideriket vart utførd ved å grunnleggje greske byar over heile riket. Historisk viktige byar, slik som Antiokia ved Orontes, vart oppretta eller omdøypt med meir passande greske namn. Skipinga av nye greske byar og landsbyar hadde òg den årsaka at det greske fastlandet var overfolka, og det store Selevkideriket var i stand til å ta imot kolonisering. Innvandring av gresktalande folk var noko som var i eigeninteressa til Selevkideriket då det auka helleniseringa, samstundes som det vart freista assimilere den eksisterande, stadeigne folkesetnaden til gresk kultur, skikkar og språk. Sosialt førde det til at særleg dei øvste og utdannande klassene tilpassa seg gresk kultur, samstundes som òg den greske og makedonske eliten gradvis tilpassa seg lokale tradisjonar. Ved 313 f.Kr. hadde hellenistiske idear byrja den bortimot 250 år lange ekspansjonrn frå Anatolia, Midtausten og vidare austover inn i Asia. Det var riket sitt særskilde rammeverk å styre ved å etablere hundrevis av byar som var viktige for lokal industri og handel. Mange av dei eksisterande byane tilpassa seg frivillig, eller vart tvinga ved våpenmakt, til å tilpasse seg hellenistisk filosofiske verdsoppfatting, religiøse forståing og ikkje minst politikk.

Samanføyinga av hellenistisk og innfødde kulturelle, religiøse, og filosofiske tankar vart møtte med ulik grad av suksess. Det resulterte til tider med samtidig fred og opprør i dei ulike delane av riket. Det var tilfellet med den jødiske folkesetnaden i Selevkideriket, sidan jødane utgjorde eit særskilt problem som til sist førde til krig. I motsetnaden til det tolerante vesenet i Det ptolemeiske kongedømet lengre sør i Egypt, som aksepterte innfødde religionar og skikkar, freista Selevkideriket bevisst å tvinge hellenisering på det jødiske folket i området deira ved å forby jødedomen. Det førde til ein open konflikt og jødisk opprør under makkabearane, og resulterte til sist i at jødane igjen fekk sjølvstyre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Selevkideriket» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2014.
  • Aperghis, G. G. (2004): The Seleukid Royal Economy. The Finances and Financial Administration of the Seleukid Empire, Cambridge.
  • Houghton, A.; Lorber, C. (2002): Seleucid Coins. A Comprehensive Catalogue, Part I, Seleucus I through Antiochus III, With Metrological Tables by B. Kritt, I-II, New York - Lancaster - London.
  • Linders, Tullia (2003): Vem är vem i antikens Grekland och i Romarriket, Prisma, ISBN 91-518-4254-8
  • Jakobsson, Jens (2010): Alexanders arvtagare : historien om grekerna i Mellanöstern och Indien , Sekel Bokförlag/Isell & Jiner. ISBN 978-91-85767-51-9
  • Montgomery, Hugo (1978): Medelhavsvärldens historia till omkring 400 e.Kr., Almqvist & Wiksell läromedel, ISBN 91-24-27163-2
  • Thomsen, Rudi (1993): Hellenismens tidsalder. Århus.
  1. 1,0 1,1 Richard N. Frye, The History of Ancient Iran, (Ballantyne Ltd, 1984), 164.
  2. Julye Bidmead, The Akitu Festival: Religious Continuity and Royal Legitimation in Mesopotamia, (Gorgias Press, 2004), 143.
  3. Jones, Kenneth Raymond (2006): Provincial reactions to Roman imperialism: the aftermath of the Jewish revolt, A.D. 66-70, Parts 66-70. University of California, Berkeley. ISBN 0-542-82473-6, 9780542824739. s. 174. Sitat: «... and the Greeks, or at least the Greco-Macedonian Seleucid Empire, replace the Persians as the Easterners.»
  4. Baskin, Judith R.; Seeskin, Kenneth (2010): The Cambridge Guide to Jewish History, Religion, and Culture. Cambridge University Press. ISBN 0-521-68974-0, 9780521689748. s. 37. Sitat: «The wars between the two most prominent Greek dynasties, the Ptolemies of Egypt and the Seleucids of Syria, unalterably change the history of the land of Israel…As a result the land of Israel became part of the empire of the Syrian Greek Seleucids.»
  5. 5,0 5,1 Glubb, John Bagot (1967): Syria, Lebanon, Jordan. Thames & Hudson. OCLC 585939. s. 34. Sitat: «In addition to the court and the army, Syrian cities were full of Greek businessmen, many of them pure Greeks from Greece. The senior posts in the civil service were also held by Greeks. Although the Ptolemies and the Seleucids were perpetual rivals, both dynasties were Greek and ruled by means of Greek officials and Greek soldiers. Both governments made great efforts to attract immigrants from Greece, thereby adding yet another racial element to the population.»
  6. Steven C. Hause, William S. Maltby (2004): Western civilization: a history of European society. Thomson Wadsworth. ISBN 0-534-62164-3, 9780534621643. s. 76. Sitat: «The Greco-Macedonian Elite. The Seleucids respected the cultural and religious sensibilities of their subjects but preferred to rely on Greek or Macedonian soldiers and administrators for the day-to-day business of governing. The Greek population of the cities, reinforced until the second century BCE by emigration from Greece, formed a dominant, although not especially cohesive, elite.»
  7. Appian: History of Rome, The Syrian Wars 55
  8. Strabon, si.edu/cgi-bin/ptext?doc=Perseus%3Atext%3A1999.01.0239&query=head%3D%23120 15.2.1(9)
  9. Plinius den eldre: Naturalis Historia, VI, 22.4
  10. Smith, Vincent A. (1972): Asoka. Asian Educational Service sin. ISBN 81-206-1303-1.
  11. Clark, Walter Eugene (1919): «The Importance of Hellenism from the Point of View of Indic-Philology» i: Classical Philology 14 (4): 297–313. doi:10.1086/360246.
  12. Kachroo, Vijay (2000): Ancient India, Har Anand Publications, s. 196
  13. Darlington, Cyril Dean (1969): The Evolution of Man and Society, Allen & Unwin, s. 223
  14. Tarn, W. W. (1940): «Two Note sin on Seleucid History: 1. Seleucus' 500 Elephants, 2. Tarmita» i: Journal of Hellenic Studie sin 60: 84–94. doi:10.2307/626263. JSTOR 626263.
  15. Plinius den eldre: Naturalis Historia, kapittel 21
  16. Farrokh, Kaveh (2007): Shadows in the Desert: Ancient Persia at War, Osprey Publishing, s. 119ff
  17. Polybius: si.edu/hoppar/text?doc=Perseus%3Atext%3A1999.01.0234%3Abook%3D10%3Achapter%3D49 The Historie si 10.49.
  18. Polybios: Historier, 21.42: teksta til fredsavtala
  19. Ernst Badian, (1959): Rome and Antiochos the Great: A Study in Cold War. Kapittel 54, s. 81–99.
  20. Titus Livius: Romas historie, 45.12
  21. Latin: Maccabaeus, gresk: Makkabaios, frå hebraisk maqqeb et, hammar eller slegge (Oxford English Dictionary).
  22. «The Machabees» i: Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913.
  23. History of Iran

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]