Paul Foot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paul Mackintosh Foot (8. november 193718. juli 2004) var ein britisk undersøkjande journalist og mangeårig medlem av Socialist Workers Party (SWP). Han var utdanna ved University College i Oxford. Han vart med i International Socialists, som var føregjengaren for SWP då han jobba som fersk reporter i Glasgow1960-talet. Frå 1972 til 1980 skreiv han for Socialist Worker, partiavisa til SWP, før han gjekk over til Daily Mirror. Han forlet the Daily Mirror i 1993 då avisa nekta å trykke artiklar som var kritiske til avisa si leiing. Han var med å stifte magasinet Private Eye og har skrive for The Guardian.

I 1977 stilte han som kandidat for SWP i Birmingham. Frå 2001 og utover stilte han som kandidat for Socialist Alliance, ei valallianse me mellom anna SWP og Communist party of Great Britain, ved fleire høve. I 2002 kom han på tredjeplass i valet til ordførar i bydelen Hackney i London, og slo dermed kandidaten frå liberaldemokratene. Han stilte som kandidat for RESPECT i valet til EU-parlamentet i 2004.

Paul Foot var son av Hugh Foot, seinare Lord Caradon, som var guvernør på Kypros under kampen om sjølvstende mot Storbritannia1950-talet. Frå 1964 til 1970 representerte Hugh Foot Storbritannia i FN. Paul Foot var nevøen til Michael Foot, tidlegare leiar av det britiske arbeidarpartiet Labour.

I 1972 og 1989 fekk Paul Foot prisen som Årets journalist i What The Papers Say Awards, han vann George Orwell sin journalistpris i 1994 og han vart vald som Campaigning Journalist of the Decade i 2000 av British Press Awards.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]