Haifa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haifa
חֵיפָה, حيفا
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Del av Haifa distrikt
Koordinatar 32°49′0″N 34°59′0″E
Areal 63,666 km²
Folketal 272 181  (2013)[1]
Folketettleik 4 275 / km²
Borgarmeister Einat Kalisch-Rotem
Kart
Haifa
32°49′9″ N 34°59′57″ E
Wikimedia Commons: Haifa

Haifa (hebraisk skrift חֵיפָה, arabisk حيفا)[2] er den største byen nord i Israel, og den tredje største i landet, med eit folketal på over 272 181. Kring 300 000 til bur i mindre byar like nær Haifa, som Daliyat al-Karmel, Krayot, Nesher, Tirat Carmel og somme kibbutzar. I lag dannar desse områda eit samanhengande urbant område med nesten 600 000 innbyggjarar, som utgjer den indre kjernen i Haifa storbyområde.[1][3] Her ligg òg Bahá'í verdssenter, ein verdsarvstad.[4]

Byen ligg i fjellsida av Karmelberget og har ei historie som går attende meir enn 3 000 år. Den første kjende busetnaden i nærleiken var Tell Abu Hawam, ein liten hamneby seint i bronsealderen (1300-talet fvt.).[5] På 200-talet evt. var Haifa kjend som eit senter for produksjon av fargestoff. Gjennom hundreåra har forskjellige folk herska over byen, frå fønikarane, persarane, hasmonearane, romarane, austromarrane, arabarane, krossfararane, osmanarane, britane til israelarane. Frå opprettinga av Staten Israel i 1948 har byen vore styrt av Haifa kommune.

I dag er byen ein viktig hamneby ved kysten av Middelhavet i Haifabukta. Han ligg kring 90 km nord for Tel Aviv og er eit stort regionssenter i det nordlege Israel. To akademiske institusjonar, Universitetet i Haifa og Technion, ligg i Haifa, i tillegg til den største k-12-skulen i Israel. Byen spelar ei viktig rolle i israelsk økonomi. Han er heimstaden til Matam, ein av dei eldste og største høgteknologiparkane i landet.[6] Haifabukta er eit senter for tungindustri, petroleumsraffinering og kjemikalsk prosessering. Haifa var tidlegare den vestlege enden av ei oljerøyrleidning frå Irak via Jordan.[7]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Vest-Haifa frå lufta.

Det første namnet som er nemnt for ein busetnad innafor dagens Haifa var ein by kalla Sycaminum.[8] Tel Shikmona [9] med den hebraiske tydinga «fikenhaugen» (arabisk Tell el-Semak eller Tell es-Samak, som tyder «fiskehaugen») bevarte og omforma det gamle namnet og dette er nemnt i Mishnah (skriven kring 200 evt.)[9]

Namnet Efa dukka først opp under styret til romarane, ein gong på 100-talet evt, då ei romersk festning og ein liten jødisk busetnad vart grunnlagd ikkje langt frå Tell es-Samak.[8][9] Haifa er òg nemnt meir enn 100 gonger i Talmud, ei sentral bok i jødedomen.[9]

Hefa eller Hepha i Onomasticon (Onom. 108, 31) av Eusebius av Caesarea på 300-talet, er sagt å vere eit anna namn for Sycaminus.[10] Dette vert forklart av Moshe Sharon som skriv om to busetnader, som han kalla Haifa-Sycaminon, som gradvis voks inn i kvarandre, og vart ein tvilling by som på gresk vart kalla Sycaminon eller Sycaminos Polis.[9]

På 500-talet er Porphyreon eller Porphyrea nemnt i skriveria til Vilhelm av Tyr, og sjølv om han låg i området som i dag er dekt av moderne Haifa, var det ein busetnad som låg sør for Haifa-Sycaminon.[5][9]

Etter den arabiske erobringa på 600-talet, vart namnet Haifa nytta om ein stad på Tell es-Samak der ruinane av Sycaminon (Shiqmona) då låg.[9] Haifa (eller Haifah) er nemnt på midten av 1000-talet av den persiske historikaren Nasir Khusraw, og på 1100- og 1200-talet av dei arabiske historikarane Muhammad al-Idrisi og Yaqut al-Hamawi.[11]

Krossfararane, som erobra Haifa for ein kort periode på 1100-talet, kalla han Kaifas,[8] og namnet er trudd å vere knytt til Kefas, det greske namnet på Simon Peter.[12] Eusebius er sagt å ha referert til Hefa som Caiaphas civitas,[13] og Benjamin av Tudela, ein jødisk reisande og historikar på 1100-talet, skreiv at byen vart grunnlagd av Kaiafas, den jødiske høgstepresten då Jesus levde.[12]

Andre stavingar har vore Caipha, Kaipha, Caiffa, Kaiffa og Khaifa.[14]

Haifa al-'Atiqa (arabisk «Gamle Haifa») er eit anna namn nytta av lokale om Tell es-Samak, sidan det var her Haifa låg då han var ei grend med 250 innbyggjarar, før han vart flytta i 1764-5 til ein ny festningsforsterka stad grunnlagd av Daher el-Omar 2 km mot aust.[15] Den nye landsbyen, som dannar kjernen i det moderne Haifa, heitte opphavleg al-imara al-jadida (arabisk for «det nye byggverket»), men lokale kalla han Haifa al-Jadida (arabisk «Nye Haifa») først og sidan berre Haifa.[2] Tidleg på 1900-talet vart Haifa al 'Atiqa folkesett på ny av hovudsakleg arabiske kristne, etter kvart som Haifa utvida seg ut frå det nye senteret.[16]

Det endelege opphavet til namnet Haifa er framleis uklårt. Ein teori er at det kjem frå namnet til høgstepresten Kaifas. Somme kristne meiner han vart kalla opp etter St. Peter, som på arameisk heiter Keifah.[17] Ein annan teori er at det kan kome frå den hebraiske verbrota חפה (hafa), som tyder dekke eller verne, t.d. slik Karmelberget dekkjer Haifa;[17] medan andre peikar på eit mogeleg opphav i det hebraiske ordet חוֹף (hof), som tyder kyst, eller חוֹף יָפֶה (hof yafe), som tyder vakker kyst.[17][18]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Krukker grave ut i Tell Abu Hawam.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Ein liten hamneby som i dag vert kalla Tell Abu Hawam vart grunnlagd seint i bronsealderen (1300-talet fvt.).[5] På 500-talet fvt. skreiv den greske geografen Skylax at byen låg mellom bukta og Zevsneset (Karmel), som kan ha vore ein referanse til Shikmona, ein stad i Haifaområdet, under persarane.[5] I hellenistisk tid hadde byen blitt flytta til ein ny stad lenger sør som i dag vert kalla Bat Galim, fordi hamna var blitt blokkert av sand.[5] Kring 200-talet evt. vart byen først nemnt i Talmud-litteratur, som ein jødisk fiskelandsby og heimstaden til rabbien Avdimi og andre jødiske lærde.[5][19] Ein gresktalande folkesetnad budde langs kysten på denne tida og dreiv med handel.[20]

Haifa låg nær byen Shikmona, som var eit senter for produksjon av den tradisjonelle Tekhelet-fargen som vart nytta i kleda til øvsteprestane i Tempelet. Den arkeologiske staden Shikmona ligg sørvest for Bat Galim.[21] Karmelberget og Kishonelva er òg nemnde i Bibelen.[22][23] Ei grotte på toppen av Karmelberget vert kalla Eliasgrotta, og er tradisjonelt knytt til profeten Elias og læresveinen hans Elisa.[22] På arabisk heiter den høgaste toppen på Karmelberget Muhraka, eller «den brennande staden», og syner attende til ofringane som vart brend her i kanaanittisk og tidleg israelittisk tid.[24]

Ein trur den tidlege Haifa dekte området der Rambam sjukehus og den jødiske gravlunden på Yafo-gata ligg i dag.[25] Innbyggjarane levde av fiske og jordbruk.[25]

Under austromersk styre heldt Haifa fram å vokse, men var ikkje ein viktig stad.[26] Etter den arabiske erobringa av Palestina i 630- og 640-åra, vart Haifa i stor grad oversett til fordel for hamnebyen Akko.[2] Under Rashidun-kalifatet byrja Haifa å bløme. På 800-talet under Omajjade- og Abbaside-kalifatet oppretta Haifa handelssamband med egyptiske hamnebyar og byen hadde fleire skipsverft. Innbyggjarane, som var arabarar og jødar, dreiv med handel. Glassproduksjon og fargemaking frå havskjel var den mest lukrative industrien i byen.[27]

Krossfarar, ajjubidane og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

Karmelfjellet før 1899

Velstanden enda i 1100, då Haifa vart kringsett og utsett for ein blokade av krossfararane og så erobra etter ein hard kamp mot dei jødiske og muslimske innbyggjarane.[28] Under krossfarane vart Haifa redusert til ein liten fiske- og jordbrukslandsby.[treng kjelde] Han var ein del av Fyrstedømet Galilea i Kongedømet Jerusalem. Etter sigeren slaget ved Hattin erobra ajjubidehæren til Saladin Haifa i midten av juli 1187.[29] Krossfararane under Richard Løvehjarte tok attende Haifa i 1191.[30] Karmelittane grunnla ei kyrkj på Karmelfjellet på 1100-talet.[31] Under muslimsk styre vart bygningen omgjort til ein moské, og seinare eit hospital. På 1800-talet vart det restaurert til eit karmelittkloster over ei grotte knytt til profeten Elias.[32]

Krossfararborga i byen vart øydelagd i 1187 av Saladin.[5] I 1265 kapra armeen til the mamelukken Baibars Haifa og øydela festningsverka, som var bygd opp att av kong Ludvig IX av Frankrike, i tillegg til dei fleste husa, for å hindre at dei europeiske krossfararane kom attende.[33] Gjennom det meste av styret til mamelukkane frå 1200- til 1500-talet, var byen i ruinar.[treng kjelde] Ein har lite informasjon om byen i denne tida.[treng kjelde] På 1300-talet, under mamelukkane, skreiv al-Idrisi at Haifa tente som hamna til Tiberias og hadde ei fin hamn med ankerplass for galeiar og andre fartøy.[11]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Haifa i 1911, som sett frå Karmelberget.

I 1596 var Haifa oppført i osmanske skattelister som ein del av Sahil Atlit nahiya i Lajjun liwa. Han hadde då 32 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven og geiter eller bikubar.[34]

Haifa var ei grend på 250 innbyggjarar i 1764-1765. Han låg ved Tell el-Semak, der Sycaminum hadde lege i antikken.[15][35] I 1761 flytta Daher el-Omar, den arabiske herskaren i Akko og Galilea, folkesetnaden til ein ny festningsforsterka stad, 2 km mot aust, og la den gamle staden aude.[15][36] Dette var starte på den moderne byen og den plasseringa som byen har i dag.[15] Etter al-Omar døydde i 1775 vart byen verande under osmansk styre fram til 1918, med unntak av to korte periodar.

I 1799 erobra Napoleon Bonaparte Haifa under det mislukka forsøket hans på å erobre Palestina og Syria, men måtte raskt trekkje seg attende. Då han trekte seg ut raserte han festningsverka i «Kaïffa» (som namnet vart skriven på den tida) i lag med festningsverka i Gaza, Jaffa og Akko.

Den tyske kolonien på 1800-talet.

Mellom 1831 og 1840 styrte den egyptiske statthaldaren Muhammad Ali Haifa, etter sonen hans Ibrahim Pasha hadde rive til seg kontrollen frå osmanarane.[37][38] Då den egyptiske okkupasjonen enda og Akko vart mindre viktig, blømde Haifa.

Då dei tyske tempelriddarane kom til byen i 1868, slo dei seg ned i det som vart kalla Den tyske kolonien i Haifa, og dette vart eit vendepunkt i utviklinga til Haifa.[38] Dei bygde og dreiv eit dampbasert kraftverk, starta fabrikkar og transporttenester til Akko, Nasaret og Tiberias, og spelte ei viktig rolle i moderniseringa av byen.[39]

Dei første europeiske jødane kom til byen mot slutten av 1800-talet frå Romania. Central Jewish Colonisation Society i Romania kjøpte over 4 kvadratkilometer land nær Haifa. Sidan dei jødiske nybyggjarane hadde budd i byar, leigde dei inn tidlegare fellahin-forpaktarar for å lære dei jordbruk.[40]

Báb-heilagdomen og Bahá'í-haganeKarmelberget.

I 1909 vart Haifa viktig for Bahá'í-trua då leivningane til Báb, som grunnla Bábí-trua og forløparen til Bahá'u'lláh i bahai-trua, vart flytta frå Akko til Haifa og lagt i eit skrinKarmelberget. Bahaitruande reknar heilagdomen som den nest heilagaste staden på joda etter Bahá'u'lláh-heilagdomen i Akko. Den nøyaktige plasseringa på Karmelberget vart synt av Bahá'u'lláh sjølv for den eldste songen hans, `Abdu'l-Bahá, i 1891. `Abdu'l-Bahá planla byggverket, som vart teikna og bygd ferdig fleire år seinare av barnebarnet, Shoghi Effendi. I eit separat rom, vart leivningane til `Abdu'l-Bahá gravlagd i november 1921.[41]

Ei grein av Hejaz-banen, kjend som Jezreeldal-banen, vart bygd mellom 1903 og 1905. Dette førte til rask vekst for Haifa, som vart eit bysentrum (nahiya) under Akka sanjak i Beyrut eyalet mot slutten av det osmanske styret.[treng kjelde] Technion teknologiinstitutt vart grunnlagd på denne tida, i 1912.

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Haifa i 1930.

Haifa vart erobra frå osmanarane i september 1918 av indiske ryttarar i den britiske hæren, etter å overrumpla osmanske stillingar væpna med spyd og sverd.[42] Den 22. september var britiske troppar på veg til Nasaret då rapportar kom inn om at tyrkarane var på veg bort frå Haifa. Britiane førebudde seg på å gå inn i byen og kom under eld i bydelen Balad al-Sheikh (i dag Nesher). Etter at britane omgrupperte seg, vart indiske elitesoldatar til hest sendte inn for å angripe dei tyrkiske stillingane på flankane og køyre over artillerikanonane på Karmelberget.[42]

Overlevande frå Buchenwald konsentrasjonsleir kjem til Haifa og vert arresterte av britane den 15. juli 1945.

Under det britiske mandatet vart Haifa ein industri-hamneby.[43][38] Dei neste få tiåra auka talet på jødar i byen stadig, særleg på grunn av immigrasjon frå Europa. Den arabiske immigrasjonen auka òg, hovudsakleg frå landsbyane rundt Haifa og frå syriske Hauran.[44] Den arabiske immigrasjonen skjedde på grunn av fall i prisar og løn.[44] Mellom folketeljingane i 1922 og 1931, auka talet på muslimar, jødar og kristne høvesvis med 217 %, 256 % og 156 %.[45]

Haifa oljeraffineri

Mykje av utviklinga til Haifa kom som følgje av dei britiske planane om å bruke byen som den sentrale hamna for utskiping av råolje frå Midtausten. Det britiske styret i Palestina utvikla hamna og bygde raffineri og byen voks raskt som eit senter for tungindustri i landet. Haifa var av dei første byane som vart heilt elektrifisert. Palestine Electric Company starta opp Haifa elektriske kraftstasjon alt i 1925 og opna døra for omfattande industrialisering.[46] Det statlege Palestine Railways bygde òg hovudverkstada sine i Haifa.

I 1945 hadde folkesetnaden endra seg til 33 % muslimar, 20 % kristne og 47 % jødar.[47][48] I 1947, budde kring 70 910 arabarar (41 000 muslimar, 29 910 kristne) og 74 230 jødar i byen.[49] Det kristne samfunnet var hovudsakleg gresk-melkittiske katolikkar.

Maronittiske gutespeidarar, 1939. I midten dr. John Macqueen overlege i Haifa.

Delingsplanen til SN for Palestina frå 1947 plasserte Haifa i det som var den føreslått jødiske staten. Den 30. desember 1947 kasta medlemmar av Irgun, ein jødisk undergrunnsmilits, bomber mot ei gruppe arabarar utafor portane til eit raffineri i Haifa, og tok livet av seks medan 42 vart skadde. Som svar tok arabiske tilsette i selskapet livet av 39 jødiske tilsette i det som vart kalla Haifa oljeraffineri-massakren.[treng kjelde] Den jødiske Haganah-militsen tok hemn med eit raid mot den arabiske landsbyen Balad al-Shaykh, der mange av dei arabiske arbeidarane på raffineriet budde. Dette er blitt kalla Balad al-Shaykh-massakren.[50] Å få kontroll over Haifa var kritisk under den arabisk-israelske krigen, sidan han var eit stort industrisenter og oljehamna i Palestinamandatet.[treng kjelde]

Det vart sett ut britiske styrkar i Haifa den 21. april 1948, men dei trekte seg attende frå det meste av byen, medan dei heldt kontroll over hamna. To dagar seinare vart sentrum, som var kontrollert av ein kombinasjon av lokale og utanlandske, arabiske, irregulære soldatar angripne av jødiske styrkar i operasjon Bi'ur Hametz, av Carmeli-brigaden til Haganah, kommandert av Moshe Carmel.[treng kjelde] Operasjonen førte til ei massiv forflytting av den arabiske folkesetnaden i Haifa. I følgje The Economist var berre 5 000–6 000 av 62 000 arabarar att i byen den 2. oktober 1948.[51]

Arabarane drog frå Haifa i ein kombinasjon av trugslar frå sionistane og oppfordring frå dei arabiske leiarane.[52][53][54] Shabtai Levy, borgarmeisteren i byen, og somme andre jødiske leiarar, bad arabarane bli verande, medan andre jødar ønskte dei bort.[55] I følgje britiske kjelder vart rundt 100 arabarar drepne og 100 skadde under kampane 22. og 23. april.[56]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Etter sjølvstendet til Israel den 14. mai 1948, vart Haifa inngangsporten for jødisk immigrasjon til Israel. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 var det kampar i bydelane i Haifa. Etter krigen slo jødiske immigrantar seg ned i nye bydelar, som Kiryat Hayim, Ramot Remez, Ramat Shaul, Kiryat Sprinzak og Kiryat Eliezer. Bnei Zion sjukehus (tidlegare Rothschild sjukenhus) og Den sentrale synagoga i Hadar Hacarmel er frå denne perioden. I 1953 vart det lagt ein disposisjonsplan for samferdsle og framtidig byplan.[57]

I 1959 gjorde ei gruppe sefardiske og mizrahiske jødar, hovudsakleg frå Marokko, opprør i Wadi Salib, og hevda at staten diskriminerte dei.[58]

Tel Aviv voks i status, medan Haifa leid i rolla som regionshovudstad. Då Ashdod fekk ny hamn vart tilhøva verre for Haifa. Turismen minka då det israelske turistdepartementet la vekt på Tiberias som turistsenter.[59]

Folketalet til Haifa hadde auka til 200 000 tidleg i 1970-åra og masseimmigrasjon frå det tidlegare Sovjetunionen gav ytterlegare 35 000 innbyggjarar.[38]

Mange av dei historiske, osmanske bygningane i Wadi Salib er no øydelagde og i 1990-åra vart ein stor del av Gamlebyen øydelagd for å gje plass til eit nytt kommunesenter.[38][58]

Frå 1999 til 2003 var det fleire palestinske sjølvmordsåtak i Haifa, som i alt tok livet av 68 sivile.

I 2006 vart Haifa råka av 93 Hizbollah-rakettar under den andre Libanonkrigen, og 11 sivile mista livet, medan halve folkesetnaden hamna på flukt ei veke ut i krigen.[60] Blant stadane som vart råka var ein jernbanestasjon og eit oljeraffineri.[61][62]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Sentrum av Haifa og hamna.

Haifa er den tredje største byen i Israel med 103 000 hushaldningar,[3] eller eit folketal på 266 300. Immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen utgjer 25 % av folketalet i Haifa.[63] I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå utgjer israelske arabarar 10 % av folketalet i Haifa, dei fleste i Wadi Nisnas, Abbas og Halissa.[63]

Haifa vert ofte trekt fram som ein stad der arabarar og jødar lever i lag i fred, men det er framleis spaning og noko fiendskap i byen.[64]

Byen Haifa
Folketal etter år[65][66]

1800 1 000
1840 2 000
1880 6 000
1914 20 000
1922 24 600
1947 145 140
1961 183 021
1972 219 559
1983 225 775
1995 255 914
2005 267 800
2009 265 000

Mellom 1994 og 2009 gjekk folketalet i byen ned, medan den gjennomsnittlege alderen auka samanlikna med Tel Aviv og Jerusalem, då dei yngre innbyggjarane flytta til andre stader i landet for utdanning og jobb. Med nye prosjekt og betre infrastruktur har byen klart å snu trenden og gjort byen meir attraktiv å leve i. 2009 var det første året på 15 år med folkeauke i byen.[67][68]

Folkesetnaden består av 82 % jødar, kring 4 % muslimar (mange ahmadiar[69]) og nesten 14 % er kristne (både arabarar og ikkje-arabarar).[68] Haifa har òg samfunn med drusarar og bahá'íar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den grøne stien i Wadi Lotem

Haifa ligg på Den israelske kystsletta, den historiske landbrua mellom Europa, Afrika og Asia, og ved munningen av Kishon.[70] Han ligg på nordsida av Karmelberget kring Haifabukta, og ligg i tre lag.[71] Den lågareliggande delen er handels- og industrisenteret kring hamna.[71] Det midtre nivået er fjellsida av Karmelberget og består av eldre bustadområde, medan den øvre delen består av moderne nabolag med utsyn over dei lågare delane.[71] Frå her kan ein sjå over Vest-Galilea mot Rosh HaNikra og den libanesiske grensa.[71] Haifa ligg kring 90 km nord for Tel Aviv, og har mange strender ved Middelhavet.[72]


Klima[endre | endre wikiteksten]

Haifa har eit varmt middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med varme, tørre somrar, og kjølige, regnfulle vintrar.[73] Våren kjem i mars når temperaturane aukar. I mai er det sommartemperaturar. Middeltemperaturen om sommaren er 26 °C og om vinteren 12 °C. Det er sjeldan snø i Haifa, men temperaturane kan stundom komme ned mot 3 °C, vanlegvis tidleg om morgonen. Fukta er generelt høg året rundt og regn er mest vanleg mellom september og mai. Årsmiddelnedbøren er 629 mm.

Vêrdata for Haifa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 17,8 18,6 21,1 24,2 26,7 29,3 31,9 31,8 30,3 28,1 24,7 19,1 25,3
Gjennomsnittleg min °C 9,5 10 11,9 15,1 17,9 21,7 24,4 25,2 23,1 20 15,3 10,6 17,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 235,9 150,2 82,8 40,6 8,7 1,2 0 0,2 3,2 75 143,4 215,5 956,7
Gns. luftfukt (%) 54 53 55 54 58 56 56 58 57 55 49 53 55
Kjelde: Israel Meteorological Service[74]


Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Matam høgteknologipark.

Eit vanleg israelsk ordtak er «Haifa arbeider, Jerusalem bed og Tel Aviv leiker» og syner statusen Haifa har som arbeidar- og industriby.[75] Industriområdet i Haifa ligg aust i byen, kring Kishon. Her ligg Haifa oljeraffineri, ein av to oljeraffineri i Israel (det andre ligg i Ashdod). Haifa raffineri handsamar 9 million tonn (66 millionar fat) råolje i året.[76][77] Dei no to ubrukte, 80 meter høge kjøletårna, bygd i 1930-åra, var dei høgaste bygningane som vart bygd under det britiske mandatet.[78]

Matam (forkorting for Merkaz Ta'asiyot Mada - vitskaplege industrisenter), er den største og eldste forretningsparken i Israel, og ligg heilt sør i byen. Her ligg fabrikkar og forskingsanlegg for mange av dei israelske og internasjonale høgteknologiselskapa som Intel, IBM, Microsoft, Motorola, Google, Yahoo!, Elbit, CSR, Philips og Amdocs.[79]

Hamna i Haifa er den største passasjerhamna i Israel og tek òg i mot store mengder frakt, sjølv om hamna i Ashdod har teke meir enn meir.[80]

Av kjøpesenter i Haifa finn ein Hutsot Hamifratz, Horev Center Mall, Panorama Center, Castra Center, Colony Center (Lev HaMoshava), Hanevi'im, Kanyon Haifa, Lev Hamifratz Mall og Grand Kanyon.[81]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Bahá'í-hagane

I 2005 var det 13 hotell i Haifa med i alt 1 462 rom.[82] Byen har ei 17 km lang kystlinje, og av dette er 5 km strender.[83] Det største turistmålet i Haifa er Bahá'í verdssenter, med heilagdomen til Báb, som har ein gullfarga kuppel og hagar rundt. Mellom 2005 og 2006 vitja 86 037 menneske heilagdomen.[82] I 2008 fekk Bahá'í-hagane status som verdsarvstad.[4][84][85] Den restaurete Tyske kolonien, Stella Maris-klosteret og Eliasgrotta trekkjer òg til seg mange grotter.[86]

I Haifa-området finn ein òg kunstnarkolonien Ein Hod, der over 90 kunstnarar har studio og utstillingar,[87] og Karmelberget nasjonalpark med grotter der ein har gjort funn av neandertalarar og tidlege Homo Sapiens.[88]

I 2007 bad Haifa kommune om å få byggje fleire hotell og opne eit båtsamband mellom Haifa, Akko og Caesarea, og utvikle den vestlege delen av hamna til eit fritids- og underhaldningsområde, i tillegg til å utvide den lokale flyplassen og gjere hamna tilgjengeleg for cruiseskip.[89]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Haifa har seks jernbanestasjonar og Carmelit, den til no einaste undergrunnsbanen i Israel (ein annan er under bygging i Tel Aviv). NahariyaTel Aviv-banen langs kysten er hovudlinja til Israel Railways langs kysten av Haifabukta og har seks stasjonar innafor byen. Frå sørvest til nordaust er desse: Haifa Hof HaCarmel, Haifa Bat Galim, Haifa Merkaz HaShmona, Lev HaMifratz, Hutzot HaMifratz og Kiryat Haim. I lag med Kiryat Motzkin jernbanestasjon i den nordlege forstaden Kiryat Motzkin, dannar dei Haifa – Krayot-banen («Parvarit»).[90] Det går direktetog frå Haifa til Tel Aviv, Ben Gurion internasjonale flyplass, Nahariya, Akko, Kiryat Motzkin, Binyamina, Lod, Kiryat Gat, Beer Sheva og andre stader.

Busselskapet Egged driv to bussterminalar, HaMifratz sentrale busstasjon, like ved Lev HaMifratz jernbanestasjon og Haifa Hof HaCarmel sentrale busstasjon, like ved Hof HaCarmel jernbanestasjon. Bussrutene dekkjer dei fleste byane i det nordlege Israel. Alle bylinjene vert òg drivne av Egged.

Haifa og forstadane i Krayot har òg eit nytt hurtigbussystem kalla Metronit. Desse bussane er hybridbussar som følgjer lysstriper i eigne felt på vegane, og funger som ein slags trikk. Metronit-systemet består av 100 18 meter lange bussar som kvar kan ta 150 passasjerar, og køyrer lange 40 km lange ruter.[91][92] Dette systemet opna offisielt den 16. august 2013 med tre linjer.

Haifa er ein av få byar i Israel der bussane køyrer på sjabbat.[93]

Hamna i Haifa

Undergrunnsbanen i Haifa heiter Carmelit. Det er ein tunnelbane som går frå sentrum til Gan HaEm (Morparken) på Karmelberget.[94] Han har berre ei linje med seks stasjonar og to tog, og er oppført i Guinness rekordbok som den kortsate undergrunnsbanen i verda.

Haifa har ein kabelvogn, ein gondolbane med seks vogner som går frå Bat Galim på kysten til utkikkspunktet ved Stella Maris og klosteret på toppen av Karmelberget. Denne tener hovudsakleg turistar.[95]

Haifa flyplass har innanriksruter til Tel Aviv og Eilat, i tillegg til internasjonale charterruter til Kypros, Hellas og Jordan. Flyselskapa som driv rutene frå Haifa er Arkia og Israir.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Dei største idrettsanlegga i Haifa er Kiryat Eliezer stadion, som tar 14 000 tilskodarar og Thomas D'Alesandro stadion. Neve Sha'anan Athletic stadion tar 1 000 tilskodarar. I 2014 stod Sammy Ofer stadion, som er godkjend for 30 820 sete.[96]

Sammy Ofer stadion

Dei to største fotballklubbane i byen er Maccabi Haifa og Hapoel Haifa, som begge spelar i den øvste divisjonen i Israel og deler Sammy Ofer stadion som heimebane. Maccabi har vunne tolv israelske meisterskap, medan Hapoel har vunne eitt. Byen har òg fleire lag i lågare divisjonar.

Basketballklubben i byen er Maccabi Haifa, som nyleg rykka opp til det øvste nivået i landet. Laget spelar i Romema Arena, som tar 5 000 tilskodarar.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Haifa er venskapsby med følgjande:[97]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Haifa» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2015.
  • Carmel, Alex (2002). The Historie of Haifa Under Turkish Rule (på hebraisk) (4th utg.). Haifa: Pardes. ISBN 965-7171-05-9. 
  • Shiller, Eli & Ben-Artzi, Yossi (1985). Haifa and its sites (på hebraisk). Jerusalem: Ariel. 
  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30 June 2010. Henta 30. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Clifford Edmund Bosworth (2007). Historic cities of the Islamic world (Illustrated utg.). BRILL. s. 149–151. ISBN 9789004153882. Henta 30. mars 2015. 
  3. 3,0 3,1 «Haifa». Jewish Agency. Arkivert frå originalen 26 September 2007. Henta 30. mars 2015. 
  4. 4,0 4,1 UNESCO World Heritage Centre (30. mars 2015). «Three new sites inscribed on UNESCO’s World Heritage List». Henta 30. mars 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Encyclopedia Judaica, Haifa, Keter Publishing, Jerusalem, 1972, vol. 7, pp. 1134-1139
  6. «GavYam». Gav-Yam.co.il. Henta 18 February 2008. 
  7. Cohen, Amiram. «U.S. Checking Possibility of Pumping Oil from Northern Irak to Haifa, via Jordan». Haaretz. Henta 30. mars 2015. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Michael Dumper, Bruce E. Stanley (2007). Cities of the Middle East and Nord-Afrika: a historical encyclopedia (Illustrated utg.). ABC-CLIO. ISBN 9781576079195. Henta 30. mars 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Moshe Sharon, Fondation Max van Berchem (2007). Corpus Inscriptionum Arabicarum Palaestinae addendum: squeezes in the Max van Berchem collection (Palestine, Trans-Jordan, Northern Syria) (Illustrated utg.). BRILL. s. 99–103. ISBN 9789004157804. Henta 2 July 2011. 
  10. Negev, Avraham; Gibson, Shimon (2005). Archaeological encyclopedia of the Holy Land (4th, revised, illustrated utg.). Continuum International Publishing Group. s. 213–214. ISBN 9780826485717. 
  11. 11,0 11,1 le Strange, Guy (1890). «Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500». Committee of the Palestine Exploration Fund: 446. Henta 1. april 2015. 
  12. 12,0 12,1 «Quarterly statement - Palestine Exploration Fund». Palestine Exploration Fund. 1876. Henta 30. mars 2015. 
  13. Seán Freyne, Zuleika Rodgers, Margaret Daly-Denton, Anne Fitzpatrick-McKinley (2009). A wandering Galilean: essays in honour of Seán Freyne. BRILL. ISBN 9789004173552. Henta 30. mars 2015. 
  14. Macmillan & Co (1910). Guide to Palestine and Syria: Macmillan's guides (5th utg.). Macmillan and co., limited. Henta 30. mars 2015. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 May Seikaly (2002). Haifa: Transformation of an Arab Society 1918-1939 (Illustrated, reprint utg.). I.B.Tauris. s. 15. ISBN 9781860645563. Henta 30. mars 2015. 
  16. Seikaly, 2002, p. 65.
  17. 17,0 17,1 17,2 Carmel, Alex (2002). The Historie of Haifa Under Turkish Rule (på hebraisk) (4th utg.). Haifa: Pardes. s. 14. ISBN 965-7171-05-9. 
  18. Hanah Amit-Kokhavi (2006). «Haifa—sea and mountain, Arab past and Jewish present, as reflected by four writers». Israel Studies 2: 142–167. doi:10.1353/is.2006.0025. 
  19. «Haifa». Jewish Virtual Library. Henta 30. mars 2015. 
  20. Haifa, The Guide to Israel, Zev Vilnay, Jerusalem, 1970, p.382
  21. «Two Tombstones from Zoar i Hecht Museum Collection» (PDF). Haifa University. Henta 1. april 2015. 
  22. 22,0 22,1 1. Kongebok 19:9
  23. «Kishon». HighBeam Encyclopedia (Colombia Encyclopedia). Henta 1. april 2015. 
  24. «Book Excerpt: Frommer's Guide to Israel, "Haifa"». Bahai-library.com. 21. april 1948. Henta 30. mars 2015. 
  25. 25,0 25,1 «Old Haifa». Tour-Haifa.co.il. Henta 30. mars 2015. 
  26. Negev, Avraham; Gibson, Shimon (1 July 2005). Archaeological encyclopedia of the Holy Land (4th, revised, illustrated utg.). Continuum International Publishing Group. s. 213. ISBN 9780826485717. 
  27. Grabois, Aryeh (March 1985). Shiller, Eli; Ben-Artzi, Yossi, red. «Haifa and Its Settlement i Middle Ages». Ariel: Haifa and Its Sites (på hebraisk) (37-39): 48–49. 
  28. Carmel, Alex (2002). The Historie of Haifa Under Turkish Rule (på hebraisk) (4th utg.). Haifa: Pardes. s. 17. ISBN 965-7171-05-9. 
  29. Lane-Poole, 1906, p.219.
  30. Lane-Poole, 1906, p.309.
  31. «Origins of the Carmelites». Carmelite.org.uk. Henta 1. april 2015. [daud lenkje]
  32. «Stella Maris Lighthouse, Church and Carmelite Monastery». Frommers. Henta 1. april 2015. 
  33. «Haifa i Middle Ages». Tour-Haifa.co.il. Henta 1. april 2015. 
  34. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Southern Syria i Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 158. 
  35. Robert L. Hohlfelder (1988). Irad Malkin, Robert L. Hohlfelder, red. Mediterranean cities: historical perspectives (Illustrated, annotated, reprint utg.). Routledge. s. 42. ISBN 9780714633534. Henta 30. mars 2015. 
  36. Haifa i Late osmanske Period, 1864-1914: A Muslim Town in Transition By Mahmud Yazbak BRILL, 1998, ISBN 90-04-11051-8 p 14
  37. «Haifa during the British Mandate Period». Tour-Haifa.co.il. Henta 1. april 2015. 
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 38,4 «Modern Haifa». Tour-Haifa.co.il. Henta 1. april 2015. 
  39. «Templers». Universitetet i Haifa. Arkivert frå originalen 1 July 2007. Henta 27. januar 2008. 
  40. Oliphant, Laurence. (1886) Haifa, or Life in Modern Palestine Adamant Media Corporation pp 11-12
  41. «Golden anniversary of the Queen of Carmel». Bahá'í World News Service. 12. oktober 2003. Henta 1. april 2015. 
  42. 42,0 42,1 Eyadat, Fadi (24 September 2010). «On Haifa Day India salutes World War I troops». Haaretz.com. Henta 1. april 2015. 
  43. Google Books. Books.google.com. Henta 1. april 2015. 
  44. 44,0 44,1 Reinhard Schulze. A modern history of the Islamic world. s. 98.
  45. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI. ; E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 91. 
  46. Shamir, Ronen (2013) Current Flow: The Electrification of Palestine. Stanford: Stanford University Press
  47. Supplement to a Survey of Palestine (p. 12–13) which was prepared by the British Mandate for the United Nations in 1946–47.
  48. «Haifa Municipality - Aliya Web Site». .haifa.muni.il. Arkivert frå originalen 27. november 2021. Henta 13 October 2013. 
  49. Supplement to a Survey of Palestine. Henta 1. april 2015. 
  50. Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, p101.
  51. «The Palestine Refugee Problem». Mideastweb.org. Henta 1. april 2015. 
  52. Pappé, Ilan (1992). The Making of the Arab Israeli Conflict 1947-1951. I B Tauris, p.72 ISBN 1-85043-819-6
  53. Morris, Benny (2001). "Revisiting the Palestinian exodus of 1948," i The War for Palestine: Rewriting the Historie of 1948 (pp. 37-59). Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-79476-5
  54. Pappe, Ilan. The Ethnic Cleansing of Palestine, p. 96, citing Zadok Eshel, "The Carmeli Brigade i War of Independence", p. 147.
  55. Pappe, Ilan. The Ethnic Cleansing of Palestine, p. 95
  56. Morris, Benny (1987), "The birth of the palestinske refugee problem, 1947-1949". Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. Page 315. Quoting CP v/4/102, Stockwell Report.
  57. «Historie since Independence». Haifa Municipality. Henta 1. april 2015. 
  58. 58,0 58,1 Am Johal (18 August 2004). «Sifting Through the Ruins: Historic Wadi Salib Under Pressure.». Media Monitors Network. 
  59. Kellerman, Aharon (1993) Society and Settlement: Jewish Land of Israel i Twentieth Century SUNY Press, ISBN 0-7914-1295-4 p 236
  60. «In focus: Haifa». BBC News. 6 September 2006. Henta 1. april 2015. 
  61. «8 killed in rocket attack on Haifa - Israel News, Ynetnews». Ynetnews.com. 20 June 1995. Henta 1. april 2015. 
  62. «Katyusha-rakett hit Haifa oil refineries complex during Second Libanon War - Haaretz - Israel News». Haaretz. Henta 1. april 2015. 
  63. 63,0 63,1 «The Arab Population of Israel 2003» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Henta 1. april 2015. 
  64. Faier, Elizabeth (2005) Organizations, Gender, and the Culture of palestinske Activism in Haifa, Israel: fieldwork and palestinskes i Israel New venues: nongovernmental organizations and social change Activism: support, conflict, and ideas Two tales of a city: history, space, and identity Honor, land, and protest ... Routledge, ISBN 0-415-94951-3
  65. «Demography» (PDF). Haifa Municipality. Arkivert frå originalen (PDF) 1. april 2015. Henta 1. april 2015. 
  66. Data based on Ben-Arieh “Population of the Towns”, as reproduced in Ben-Arieh Jerusalem page 466
  67. «Haifa: Greatest business potential - Israel Business, Ynetnews». Ynetnews.com. 20 June 1995. Henta 24 March 2013. 
  68. 68,0 68,1 «Is Haifa Ageing?». Central Bureau of Statistics, Statistical Abstract of Israel, no. 56, 2005. urbaneconomics.blogspot.com. 6 December 2006. Henta 1. april 2015. 
  69. There are about 2 200 Ahmadis in Kababir of the 4% (under 11 000) Muslims:
  70. «Haifa, Israel». Timeanddate.com. Henta 1. april 2015. 
  71. 71,0 71,1 71,2 71,3 «Haifa - General info». Israeli Ministry of Tourism. Henta 1. april 2015. 
  72. «Road Distances Chart» (PDF). Israel Ministry of Tourism. Henta 1. april 2015. 
  73. Israel. Encarta. Arkivert frå originalen 28. oktober 2009. Henta 1. april 2015. 
  74. «Averages and Records for Tel Aviv (Precipitation, Temperature and Records [Excluding February and May] written i page)». Israel Meteorological Service. June 2011. 
  75. «Tel Aviv: "Haifa works, Jerusalem prays, and Tel Aviv plays"». Daily Telegraph (London). 14 November 2000. Arkivert frå originalen 15 April 2008. Henta 1. april 2015. 
  76. «Haifa Today». Haifa Foundation. Arkivert frå originalen 15. april 2008. Henta 21 March 2008. 
  77. «Haifa». GlobalSecurity.org. Henta 1. april 2015. 
  78. «Haifa Oil Refinery Cooling Towers». Emporis.com. Henta 1. april 2015. 
  79. «IBM Haifa Labs». IBM Haifa Labs. Arkivert frå originalen 8. mars 2008. Henta 27 January 2008. 
  80. «Haifa Port». Haifa Port. Arkivert frå originalen 24. januar 2008. Henta 27 January 2008. 
  81. «Haifa Shopping Centers». Tour-Haifa.co.il. Henta 1. april 2015. 
  82. 82,0 82,1 «Hotels and Tourism» (PDF). Haifa Statistical Yearbook. Haifa Municipality. Arkivert frå originalen (PDF) 26 February 2008. Henta 14 February 2008. 
  83. «Leisure Activity» (PDF). Haifa Statistical Yearbook. Haifa Municipality. s. 56. Arkivert frå originalen (PDF) 30. mars 2007. Henta 14 February 2008. 
  84. «Terraces of the Shrine of the Bab». Henta 1. april 2015. 
  85. «Baha'i World Center». Baha'i International Community. Henta 1. april 2015. 
  86. «Tours of Haifa». Henta 1. april 2015. 
  87. «Eih Hod». ddtrave-acc.com. Arkivert frå originalen 19. januar 2008. Henta 30. mars 2015. 
  88. «Karmelberget nasjonalpark». Arkivert frå originalen 2. mars 2008. Henta 1. april 2015. 
  89. «Making Haifa into an international tourist destination». Haaretz. 30 May 2007. Henta 1. april 2015. 
  90. «Railway Map». Israel Railways. Arkivert frå originalen 1 March 2007. Henta 22 February 2008. 
  91. Friedman, Ron. «Haifa to get new 'Metronit' Bus Rapid Transit system by 2011 | JPost | Israel News». JPost. Henta 13 October 2013. 
  92. «Metronit» (på hebraisk). Yefenof.co.il. Arkivert frå originalen 21 February 2008. Henta 22 February 2008. 
  93. «Haifa: Planning a Trip». Frommers. Arkivert frå originalen 15 April 2008. Henta 22 February 2008. 
  94. «The Carmelit». Tour-Haifa.co.il. Henta 1. april 2015. 
  95. «Haifa». Weizmann Institute. Arkivert frå originalen 19 January 2008. Henta 22 February 2008. 
  96. «Future Stadiums». World Stadiums. Henta 1. april 2015. 
  97. «Twin City activities». Haifa Municipality. Arkivert frå originalen 9 October 2007. Henta 14 February 2008. 
  98. Portsmouth City Council. Twinning Arkivert 2009-01-07 ved Wayback Machine.. Henta 1. april 2015.
  99. «Sister Cities of Manila». City Government of Manila. Henta 2. juli 2009. 
  100. «Aalborg Twin Towns». Europeprize.net. Arkivert frå originalen 7. september 2013. Henta 1. april 2015. 
  101. Frohmader, Andrea. «Bremen - Referat 32 Städtepartnerschaften / Internationale Beziehungen» [Bremen - Unit 32 Twinning / International Relations]. Das Rathaus Bremen Senatskanzlei [Bremen City Hall - Senate Chancellery] (på tysk). Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 1. april 2015. 
  102. Pessotto, Lorenzo. «International Affairs - Twinnings and Agreements». International Affairs Service in cooperation with Servizio Telematico Pubblico. City of Torino. Arkivert frå originalen 18 June 2013. Henta 6. august 2013. 
  103. «Haifa agreement with partner» (på russisk). Mignews.com. Arkivert frå originalen 19. oktober 2017. Henta 1. april 2015. 
  104. «Twin Towns». www.amazingdusseldorf.com. Arkivert frå originalen 17. oktober 2014. Henta 1. april 2015. 
  105. «Town Twinning Agreements». Municipalidad de Rosario - Buenos Aires 711. Arkivert frå originalen 19. mars 2015. Henta 1. april 2015. 
  106. «Boston» (på hebraisk). Haifa Municipality. Henta 5 April 2009. 
  107. «Limassol Twinned Cities». Limassol (Lemesos) Municipality. Arkivert frå originalen 1 April 2013. Henta 29 July 2013. 
  108. «Partner und Freundesstädte». Stadt Mannheim (på tysk). Henta 26. juli 2013. 
  109. 友好交流 (Friendly exchanges) Arkivert 2014-11-12 ved Wayback Machine., 2011-09-13. (Omsett med Google Translate.)
Panorama av Haifa. Sett frå Karmelberget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]