Pavlodar
| Pavlodar | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Oblast |
Kasakhstan Pavlodar oblast |
||
| Grunnlagd | 1720 | ||
| Akim | Bakir Demeuov | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
400 km² |
||
| Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
322 207 799/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 123 m | ||
| Tidssone | BTT (UTC+6) | ||
| Diverse anna | |||
| Postnummer | 140000 - 140017 | ||
| Telefon-retningsnummer | +7 7182 | ||
| Bilnummer | S | ||
| Heimeside: http://www.pavlodar-city.kz | |||
| Plassering | |||
| Plasseringa i Kasakhstan | |||
Pavlodar (kasakhisk: Павлодар) er ein by nordaust i Kasakhstan. Han ligg 350 km nordaust for hovudstaden i landet, Astana, og 400 km søraust aust for den russiske byen Omsk langs elva Irtysj. Byen er hovudstad i Pavlodar oblast og har like over 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane er kasakhstanarar og russarar. Det finst i tillegg minoritetar av ukrainarar og tyskarar.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Pavlodar er den eldste oblasthovudstaden nord i Kasakhstan og vart grunnlagd i 1720 som Korjakovskij nær nokre saltsjøar. Han vart byen Pavlodar i 1861, men sjølv om han dreiv omfattande handel med salt og jordbruksprodukt hadde han berre om lag 8 000 innbyggjarar i 1897. Han fekk namnet Pavlodar, Pavel si gåve, til ære for den nyfødde storhertug Pavel Aleksandrovitsj av Russland.[1]
I 1955 gav Jomfrulandplanen ein ny start til den moderne Pavlodar. Storinnflytting frå andre delar av Sovjetunionen, industrialisering og rask utbygging forma byen på kort tid. Sidan midten av 1960-åra har Pavlodar vokse til å verte eit stort industrisenter med traktor-, aluminium- og kjemiske fabrikkar. Eit oljeraffineri stod ferdig i 1978. Byen hadde òg ein stort stridsvognfabrikk og var derfor stengd for utlendingar fram til 1992.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pavlodar» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2008.