Jomfrulandplanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jomfrulandplanen var eit initiativ av Nikita Khrusjtsjov om å opne dei enorme, unytta (jomfru) steppene nord i Kasakhstan og Altajregionen i Russland for jordbruk i 1954.

Det første året av planen vart 190 000 km² pløgd opp og i 1955 140 000 km² til. Med alt dette nye jordbrukslandet vart det flytta store massar av innbyggjarar frå heile Sovjetunionen til området. Komsomol hadde ansvaret for å rekruttere dei.

Meir enn 300 000 menneske, hovudsakleg ukrainarar og russarar, kom til jomfrulandet for å byrje nye liv som bønder. Hundretusenvis av soldatar, studentar og skurtreskarsjåførar følgde etter, men desse var her berre under innhaustinga. Mot slutten av masseinnflyttinga til jomfrulandet var det i mange område fleire slavarar enn kasakhstanarar. Hovudbyen i området fekk namnet Tselinograd, «Jomfrulandbyen» (i dag Astana).

For ein kort periode inspirerte Khrusjtsjov ein kommunistiver i sovjetarane og klarte ei kort stund å oppnå det ønskte resultatet.

Den første innhaustinga[endre | endre wikiteksten]

Den første innhaustinga av Jomfrulandet i 1956 var ein overveldande suksess. Av 125 millionar tonn korn produsert i Sovjetunionen dette året kom meir enn halvparten frå dette området. Sovjetunionen produserte dobbelt så mykje kveite per innbyggjarar som Vesten gjorde. Innhaustinga vart sidan aldri så god som i 1956.

Samanbrota[endre | endre wikiteksten]

Nesten alle kollektivbruka i Jomfrulandet dyrka nesten berre kveite. I 1960-åra var derfor jordsmonnet tomt for næringa som kveiten treng for å vekse og sidan det ikkje vart bygd vern mot erosjon bles rett og slett mykje av jorda bort med vinden og etterlet berre nakne stepper som ikkje kunne nyttast til jordbruk.

I starten måtte ein i tillegg kaste store delar av avlingane fordi det ikkje var nok kornmagasin for å lagre dei.

Derfor måtte etter kvart Sovjetunionen kjøpe korn frå Canada for å stette behovet sitt, trass i den store suksessen Jomfrulandplanen var i starten.

Tida etterpå[endre | endre wikiteksten]

Sjølv etter planen tok slutt vart om lag seks millionar russarar og ukrainarar verande att i Kasakhstan.[1] Mange flytta tilbake til dei gamle heimtraktene sine etter oppløysinga av Sovjetunionen.

Ein småplanet kalla 2111 Tselina vart oppdaga i 1969 av den sovjetiske astronomen Tamara Mikhailovna Smirnova og fekk namnet for å feire 25-årsjublieumet til jomfrulandplanen i Sovjetunionen..[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC: Russarar i Sentral-Asia
  2. Schmadel, Lutz D. (2003) Dictionary of Minor Planet Names, 5.. utg., s. 171 – Springer Verlag, New York. ISBN 3-540-00238-3.