Pax Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pax Forlag AS er eit norsk forlag som vart skipa i 1964 i Oslo. Forlaget sprang ut av krinsen rundt det pasifistiske tidsskriftet Pax, som sidan 1962 hadde vore utgjeve av Folkereising Mot Krig. Leiinga av forlaget har mykje av tida det har eksistert vore gjort kollektivt av dei tilsette og forlaget si målsetjing var frå starten pasifistisk. Pax Forlag har aldri vore bunde til noko særskild politisk parti eller organisasjon, men frå slutten av 60-talet var det eit sosialistisk forlag, og på 70-talet gav det ut mykje marxistisk og feministisk litteratur.

Ein viktig del av utgjevingspolitikken hjå Pax har alltid vore kritisk, radikal samfunnsvitskap. Forlaget har også formidla mange internasjonale venstreradikale forfattarskap på norsk, til dømes Simone de Beauvoir, David Horowitz, Che Guevara, Erich Fromm, Hannah Arendt, Jean-Paul Sartre og Doris Lessing. Av norske forfattarar må ein nemna Jens Bjørneboe.

Det største enkeltprosjektet til forlaget er PaxLeksikon, som kom i 6 band i åra 197682 og no er tilgjengeleg på internett. Det danske alternative digitale Leksikon for det 21. århundrede byggjer på PaxLeksikon.

Pax Forlag er i dag eigd av Forlagsfinans, som er kontrollert av Bjørn Smith-Simonsen. Pax eig 3% av aksjane i De norske Bokklubbene og er ein av dei største aksjonærane i Humanist Forlag. Pax har dessutan fleire tilknytta imprintar, som barnebokforlaget Omnipax, fagbokforlaget Unipax, forlaget Bonytt med fleire

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]