Pelikanfamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pelikanfamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Pelecaniformes | |
| Familie: | Pelecanidae | |
Pelikanar er ein familie, Pelecanidae, av mykje store fuglar med ei spesiell utforming av nebbet som har ein hudpung på undersida som nyttast som håv. Familien samlar ei slekt av åtte artar.
Saman med treskonebb, skuggefugl, hegrar og ibisar og skeistorkar utgjer dei den ordenen Pelecaniformes, pelikanfuglar. Pelikanar er funne på alle kontinent unntatt Antarktis. Dei førekjem hovudsakleg i varme område, sjølv om hekking skjer frå 45 ° sør (australpelikan) og 60 ° nord (amerikapelikan i vestlege Canada). Fuglane finst ved vatn både i innlandet og i kystnære farvatn, men dei er fråverande frå polare område, djupt hav, øyar langt frå fastland og frå innlandet i Sør-Amerika.
Familie Pelecanidae
- Slekt Pelecanus
- Kvitpelikan, P. onocrotalus
- Rosenpelikan, P. rufescens
- Flekknebbpelikan, P. philippensis
- Krøllpelikan, P. crispus
- Australpelikan, P. conspicillatus
- Amerikapelikan, P. erythrorhynchos
- Humboldtpelikan, P. thagus
- Brunpelikan, P. occidentalis
Bakgrunnsstoff [endre]
- The Symbolism of the Pelican Ein artikkel på nettstaden Arlington Catholic Herald.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pelican frå Engelsk Wikipedia .