Perejiløya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perejiløya ligg midt i bilete, like utanfor kysten

Perejiløya (spansk Isla Perejil - «Persilleøya», arabisk Leila, Laila (ليلى)) er ei lita klippe i Gibraltarsundet. Suvereniteten over øya er omstridd mellom Spania og Marokko. Ho var åstad for ei væpna konflikt mellom dei to landa i 2002.

Øya ligg 250 meter utanfor kysten av Marokko, 8 km frå den spanske byen Ceuta og 13,5 km frå fastlandet i Spania. Øya er 480 x 480 meter, med eit areal på 15 ha eller 0,15 km². Ho har ei høgd på 74 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart nytta av lokale berbarar for buskapen sin. I 1415 tok Portugal herredøme over øya i lag med Ceuta frå Kongedømet Fez. I 1580 kom Portugal inn under den spanske kongen. Då Den iberiske unionen enda i 1640 vart Ceuta verande under Spania.

Det er i dag strid mellom Marokko og Spania om herredøme over øya. I 2002 sette marokkanske soldatar opp ei base på øya. Dei marokkanske styresmaktene forklarte dette med at dei skulle overvake ulovleg innvandring, noko spanjolane ikkje godtok sidan det elles var lite samhandling mellom dei to landa på dette området. Etter protestar frå dei spanske styresmaktene, leia av José María Aznar, vart soldatane erstatta av marokkoanske kadettar som sette opp ein fast base på øya. Dette gjorde forholdet mellom Spania og Marokko ytterlegare anstrengt.

Morgonen 18. juli 2002 sette Spania i gang Operasjon Romeo-Sierra, eit militært forsøk på å ta over øya. Dei spanske soldatane klarte oppgåva og dei marokkanske kadettane vart fjerna frå øya utan motstand. Operasjonen vart utført i samhandling med den spanske marinen og det spanske luftforsvaret. Dei fanga marokkanarane vart frakta med helikopter til hovudkvarret til Guardia Civil i Ceuta og frå der frakta til den marokkanske grensa. Same dag vart medlemmer i den spanske legionen sett ut på øya. Dei vart verande fram til forhandlingar leia av Colin Powell frå USA førte til status quo ante, slik situasjonen hadde vore før dei marokkanske styrkane gjekk i lande på øya. Øya er i dag igjen folketom.

Suverenitet[endre | endre wikiteksten]

Isla Perejil har ikkje permanent folkesetnad. Dei marokkanske styresmaktene er uroa over at smuglarar og terroristar, i tillegg til ulovlege innvandrarar, skal nytta øya. Øya vert nøye overvaka frå begge sider for å oppretthalde status quo og øya er i praksis eit ingenmannsland.

Marokko har òg gjort krav på dei spanske byane Ceuta og Melilla i lag med fleire små øyar utanfor kysten av Marokko.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]