Ceuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ceuta
none
Offisielt namn: Ciudad Autónoma de Ceuta
Land Flag of Spain.svg Spania
Areal 18,5 km²
Folketal 78 674 (2009)
Tidssone UTC+1
Locator map of Ceuta.png

Ceuta er ein spansk ekslave i Marokko i Nord-Afrika, på det nørdste punktet i Maghreb, ved Middelhavskysten sør for Gibraltarsundet. Han har eit areal på om lag 28] km². Namnet «Ceuta» kjem av det latinske namnet frå romartida, Septem Fratres ('sju brør').

Ceuta ligg på ein odde som forbind Monte Hacho, ein av dei tradisjonelle «Herkulessøylene», med fastlandet. Byen har ei god hamn med mykje ferjetrafikk med Spania. Fiske og fiskeindustri, bryggjeri og verkstader er viktige verksemder. Ceuta er også ein garnisonsby. Ceuta er inngjerda og sterkt vakta for å hindra ulovleg innvandring frå Afrika til Europa. Marokko gjer krav på byen, saman med dei andre spanske områda Melilla og fleire middelhavsøyar.

Opphavleg var Ceuta ein fønikisk koloni. Seinare tilhøyrde han romarar, vandalar, bysantinarar, arabarar, portugisarar (1415–1580) og spanjolar (frå 1580). I mellomalderen var Ceuta ein viktig handelsby.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ceuta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ceuta (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 18. august 2013.