Pereslavl-Zalesskij
| Pereslavl-Zalesskij Переславль-Залесский |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Jaroslavl oblast | ||||
| Grunnlagd | 1152 | ||||
| Geografi | |||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) |
42 308 |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 142 moh | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 152020-152040 | ||||
| Retningsnummer (tlf) | +7 48535 | ||||
| Nettstad: adm.pereslavl.ru/ | |||||
Pereslavl-Zalesskij (russisk Пересла́вль-Зале́сский – tyder «Pereslavl, som ligg bak skogane»), er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Byen er mest kjend som fødestaden til den russiske mellomalderhelten Aleksandr Nevskij og er ein del av den gyldne sirkelen rundt Moskva. Pereslavl-Zalesskij har fleire vakre bygningar og kloster frå mellomalderen og hundreåra etter. Murane som omkransa byen i mellomalderen er synlege fleire stader. Like utanfor byen ligg ein av dei fyrste båtane Peter den store bygde for å lære seg skipsbygging.
Historie [endre]
Pereslavl-Zalesskij vart grunnlagd i 1152 av Fyrst Jurij Dolgorukij som ein prosjektert hovudstad for Zalesje. I tida 1175–1302 var byen senter for Fyrstedømet Pereslavl (Zalesskij). I 1302 vart byen ein del av Storfyrstedømet Moskva. Pereslavl-Zalesskij vart øydelagd fleire gonger av mongolane frå midten av 1200-talet til tidleg på 1400-talet. 1611–1612 vart byen igjen øydelagd under den polske invasjonen.
Attraksjonar [endre]
Pereslavl-Zalesskij er kjend for sine historiske bygninger, mellom anna:
- Spaso-Preobrazjenskij katedralen i kvit stein (1152–1157)
- Metropolitten Peters kyrkje (1585)
- Troitse-Danilov klosteret (1500- til 1700-talet)
- Nikitskijklosteret (1500- til 1800-talet)
- Feodorovskijklosteret (1500- til 1800-talet)
- Goritskijklosteret (1600- til 1700-tallt).
Byen husar òg Institutt for Programsystemer, som er underlagt Det russiske vitskapsakademiet.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Jaroslavl | ||
| Danilov · Gavrilov-Jam · Ljubim · Mysjkin · Pereslavl-Zalesskij · Posjekhonije · Rostov · Rybinsk · Tutajev · Uglitsj | ||
|
|
||
|---|---|---|
|
Aleksandrov · Bogoljubovo · Gorokhovets · Gus-Khrustalnyj · Ivanovo · Jaroslavl · Jurjev-Polskij · Kideksja · Kostroma · Moskva · Palekh · Pereslavl-Zalesskij · Pljos · Rostov · Sergijev Posad · Suzdal · Tutajev · Uglitsj · Vladimir |
||