Rostov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Rostov-na-Donu.
Rostov
Ростов
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Byåpenet til
Flagget til Byvåpenet til


Plassering
Rostov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Først nemnd i
Bystatus
862
1777
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

32 647
Koordinatar 57°11′00″N 39°25′00″EKoordinatar: 57°11′00″N 39°25′00″E
Høgd over havet 100 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48536
Bilnummer 76
Nettstad: www.admrostov.ru

Rostov (russisk Росто́в; norrønt Rostofa) er ein av dei eldste byane i Russland og eit viktig turistsenter. Han ligg i Jaroslavl oblast, ved breidda av Nerosjøen, rundt 50 km sørvest for Jaroslavl.

Det offisielle namnet er Rostov, men for russarane er han nok betre kjend som Rostov Velikij, som tyder Rostov den store. Dette namnet vert nytta for å skilje han frå Rostov-na-Donu, som no er ein langt større by. Rostov Jaroslavskij er det offisielle namnet på jernbanestasjonen (sidan han ligg i Jaroslavl oblast), men sjølve byen vert så godt som aldri kalla dette.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rostov, sett frå Nerosjøen.
Kreml i Rostov sommaren 1911.
Nyklassisistisk interiør i Jakovlevskijklosteret (1913).
Frå kreml i Rostov

Før Rostov låg byen Sarskoje Gorodisjtsje på staden, som nokre forskarar tolkar som hovudstaden til Merja-stamma, medan andre meiner han var ein viktig handelsenklave for vikingane og ei festning for å vakte handelsruta langs Volga. Byen vart nemnd første gong i 862 som ein viktig busetnad alt då. Innan 1200-talet var Rostov hovudstad for eit av dei viktigaste russiske fyrstedøma. Det vart ein del av Storfyrstedømet Moskva i 1474.

Sjølv etter at han mista sjølvstendet var Rostov framleis eit overmåte viktig kyrkjeleg senter (frå 988 var han bispesete for eit av dei første russiske bispedøma). På 1300-talet vart biskopane i Rostov erkebiskopar og på slutten av 1500-talet metropolittar. Det er frå ein av desse metropolittane, Iona (Jonas) Sysojevitsj (om lag 1607-1690) at byen har fått eit av sine viktigaste landemerke, byen sitt kreml, som mange reknar som den flottaste utanfor Moskva.

Etter å ha vorte plyndra av mongolane på 1200- og 1300-talet (siste gong av Edigu i 1408) og av polakkane i 1608, var Rostov ikkje stort meir enn ein søvnig landsby. Metropolittsetet vart overført til Jaroslavl på slutten av 1700-talet.

I tillegg til historia si så er Rostov òg kjend for emalje.

Historisk arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale torget i Rostov er dominert av den enorme Maria Himmelfartskatedralen. Det er ikkje kjend når den noverande bygningen vart oppført, men midten på 1500-talet er den mest trulege tida. Dei nedste delane av katedralveggane er datert til 1100-talet. Klokketårnet vart stort sett bygd på 1500-talet. Klokkene i tårnet er av dei største og mest kjende i Russland og kvar enkelt av dei har sitt eige namn. Den største av dei, støypt i 1688, veg rundt 32 tonn. Ho vert kalla Sysoj til minne om far til metropolitten.

På eit område mellom katedraltorget og innsjøen valde Jona Sysojevitsj å byggje eventyrresidensen sin. Alle byggearbeida vart utført mellom 1667 og 1694. Av dei større bygningane er den sirleg dekorerte Frelsarkyrkja-na-Senjakh (1675), den dystre Gregorkyrkja (1670) og vakttårn-kyrkjene til Apostelen Johannes (1683) og Jesu Oppstode (1670). Residensen, som ofte vert feilaktig kalla kreml, omfattar òg elleve fantasifulle tårn, mange palass, fleire små klokketårn og den vesle barokkyrkja til Vår Frue av Smolensk (1693). Alle kyrkjene er omstendeleg måla og dekorerte.

Katedralen og fire høge kremlkyrkjer med sine sølvkuplar vart imitert over heile byen. Dette er særskild tydeleg i kyrkja Frelsaren-ved-Marknaden og katedralkyrkja til Kristi Fødsels kloster, begge frå 1600-talet og som ligg nær kremlmurane. Den eldste kyrkja i bysenteret vart innvigd til Isidore den Velsigna i 1565. Det vert sagt at Ivan den skrekkelege avretta arkitekten fordi kyrkja hans var så mykje mindre enn føregangaren.

Kreml vert flankert av to store kloster, som begge vender mot Nerosjøen. Til høgre for kreml ligg Abraham-klosteret, grunnlagd på 1000-talet og eit av dei eldste i Russland. Klosterkatedralen, bestilt av Ivan den skrekkelege i 1553 til minne om erobringa av Kazan inspirerte talrike kyrkjer i regionen, særskild i Jaroslavl.

Jakovlevskijklosteret, som ligg til venstre for kreml i utkanten av byen, vert halde i ære som eit minne til Dmitrij av Rostov. Dei fleste av bygningane i klosteret vart bygd på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet i ein vakker nyklassisistisk stil. Det finst òg to 1600-talskyrkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rostov