Peter Jebsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Jebsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1824
Broager
Død

30. oktober 1892 (68 år)
Bergen

Yrke forretningsdrivande, politikar
Språk norsk
Peter Jebsen på Commons

Peter Jebsen (6. mai 182430. oktober 1892) var ein norsk forretningsmann. Han voks opp i hertugdømet Slesvig, som den gong låg under Danmark. Han var fødd i Broager sogn på halvøya Sundeved i Nord-Slesvig og var bror til Jürg Jebsen og Johan Jebsen. Han kom til Bergen i 1843. Etter å ha vore tilsett eit par år hjå Gades Manufaktur i Bergen, kjøpte han Blindheimselva i Ytre Arna for 200 spesidalar, halve formuen sin. I 1846 bygde han eit bomullsveveri ved utløpet til elva med 36 vevstolar som han hadde kjøpt i England. Dette skal ha vore det første mekaniserte bomullsveveriet i Noreg. Verksemda auka raskt, og etterkvart vart det bygd både bomullsspinneri, fargeri og bleikeri på staden. Dette vart starten på Arne fabrikker.

Sommarvillaen til Peter Jebsen i Kalfarveien 77 i Bergen, oppført i 1869 etter teikningar av Franz Wilhelm Schiertz

I tillegg til å vere industrigründer, vart Peter Jebsen også ein pioner innan samferdslehistoria på Vestlandet. Fabrikken kjøpte i 1864 dampbåten D/S «Arne». Den viktigaste oppgåva for båten var transport mellom fabrikken i Arna og Bergen, samstundes vart han den første rutebåten som gjekk i trafikk mellom Bolstad og Bergen. Peter Jebsen var også ein av dei som jobba for å få ein jarnbane mellom Bergen og Voss.

Jebsen representerte Bergen på Stortinget i 1874 og i 1880.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]