Ytre Arna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ytre Arna
Ytre Arna
Ytre Arna
Geografi
Kommune Bergen
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 2 626 (2012)
Folketettleik 1 694,2 /km²
Areal[1] 1,55 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer E16
Postnummer 5265 YTRE ARNA
Kart
Ytre Arna is located in Hordaland
60°27′47″N 5°26′10″EKoordinatar: 60°27′47″N 5°26′10″E

Ytre Arna er ein tettstad i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden ligg ved Sørfjorden, på austsida av Bergenshalvøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ytre Arna er eit gamalt industrisamfunn ved Sørfjorden. Arne fabrikker blei grunnlagd her av Peter Jebsen i 1846. I eldre tider vart staden kalla "Ælvæ" etter Blindheimselva som var godt synleg før fabrikken kom.

Inntil 1972 høyrde Ytre Arna til Arna kommune og inntil 1964 til Haus kommune under Osterøy. Dette var naturleg i ei tid då fjordane med båttrafikk batt bygd og kyrkjesokn saman. Det gjekk ferje mellom Haus - Garnes - Votlo og Ytre Arna til slutten av 1970-talet. I dag er Arna ein del av Bergen kommune.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ytre Arna strekkjer seg langs den vestlege delen av Arnavågen og vidare eit stykkje langs Sørfjorden ved Osterøy som går rundt Osterøy. E16 går gjennom Ytre Arna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.