Spesidalar
-
- Sjå òg Riksdalar species
Spesidalar eller speciedaler, ein dansk-norsk mynt med sølvvekt på 25-26 gram, utmynta etter mønster av joachimstalaren. Spesidalar, forkorta spd. , var hovudmynt i Noreg frå 1816 til 1875, med sølvvekt 25,282 gram fint sølv.
Ein spesidalar vart inndelt i 5 ort à 24 skilling, dvs 120 skilling. Spesidalarseddelen skulle kunne løysast inn i sølv. Sølvfondet vart etablert gjennom den såkalla sølvskatten. Ved lov av 13. august 1818 vart innløysingsplikta suspendert, og spesidalaren fall i verdi. Speciedalaren vart på nytt knytt til sølv til pari kurs i april 1842.
I 1875 vart spesidalaren avløyst av kronemynt, slik at det gjekk 4 kroner på ein daler.
Speciedalar vert og bruka som nemning for ein riksdalar species, som var hovudmynt frå 1544 til 1813. Sølvverdien var lik i utmynta speciedalar og riksdalar species.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Mellomalderen (frå ca 995) | kvartpenning · halvpenning · penning · brakteat (1110-1552) |
| Mark (frå ca 1490) · skilling · penning | blaffert (1510-1522) · hvid (1483-1578) · søsling · skilling |
| Riksdalar · mark · skilling (1540-1813) | skilling · mark · krone · spesidalar · dukat |
| Riksbanken (1813-1816): Riksbankdalar · riksbankskilling |
riksbankteikn |
| Noregs Bank, sølvmyntfot (1816-1875): Spesidalar · ort · skilling |
skilling species · ort · spesidalar |
| Noregs Bank, gullmyntfot: Kroner · øre (frå 1875) | einøring - toøring - femøring - tiøring - femogtjueøring - femtiøring kronestykke - tokrone - femkroning - tikroning - tjuekroning |