Philippe de Champaigne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, mellom 1625 og -50
Det siste måltidet, ca 1652

Philippe de Champaigne (26. mai 160212. august 1674) var ein flamsk-fransk barokkmålar, ein av dei aller fremste innan fransk målarkunst på 1600-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Champaigne var fødd i Brussel og voks opp der i tronge kår. Han gjekk i lære hos landskapsmålaren Jacques Fouquières. I 1621 flytta han til Paris, der han i lag med Nicolas Poussin arbeidde med å dekorere Palais du Luxembourg. Utsmykkingsarbeidet vart leia av Nicolas Duchesne, Champaigne sin komande svigerfar.

Etter at Duchesne døydde, arbeidde Champaigne for dronningmora Marie de Medici og for kardinal Richelieu. Kardinalen gav Champaigne ei rad oppdrag, målaren dekorerte både kardinalen sitt palass, kuppelen på Sorbonne-kyrkja, samt andre bygningar. I 1648 var Champaigne med på å grunnlegg Académie Royale de Peinture.

Omkring 1640 kom Champaigne under påverknad frå jansenismen. Etter at den lamma dottera hans på mirakuløst vis skal ha vorte lækt ved nonneklosteret i Port-Royal, måla han i 1662 det berømte, men utypiske måleriet Ex-Voto.

Champaigne laga eit veldig stort tal måleri, hovudsakleg religiøse verk og portrett. Tidleg i livet var han påverka av Rubens, seinare vart stilen meir asketisk.

Han døydde i Paris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Philippe de Champaigne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]