Pieter Bruegel den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koparstikk frå 1582 som skal forestille Pieter Bruegel den eldre
Nederlandske ordtak, 1559
Babels tårn, 1563
Jegerar i snøen, 1565
Bondebryllaup, 1568

Pieter Bruegel den eldre, fødd omkring 1525/30, døydde 5. september 1569, var ein målar under den nederlandske renessansen. Han er særleg kjend for sine skildringar av dagleglivet i hertugdømmet Brabant (Flandern) i det 16. hundreåret. Bruegel vart også kalla «de Drol» («den komiske») eller også Bondebruegel, for å skilje han frå andre målarar frå same familien.

Innhaldsliste

Liv og gjerning [endre]

Pieter Bruegel var truleg fødd i Breda. I følgje Karel van Mander si bok Het Schilderboeck (=målarboka), publisert i 1604 i Amsterdam, var Bruegel elev av kunstnaren Pieter Coecke van Aelst i Antwerpen. Bruegel var i den byen i 1551, der han i første omgang jobba i den store koparverkstaden til meisteren Hieronymus Cock. Åra 1552-55 var han på ei reise i Italia. Framstilling av landskap har då fått ein framskoten plass i bileta hans. Frå 1553 budde han ei tid i Roma, der han arbeidde for miniatyrmålaren Giulio Clovio. Derifrå fór han tilbake til Antwerpen og Cock sin koparverkstad.

I 1563 gifta han seg i Brussel, der han slo seg ned. Mellom oppdragsgjevarane til Bruegel talde folk som kardinalen Antoine Perrenot de Granvelle, minister for kong Filip II av Spania og rådgjevar for Margaret av Parma, statthaldar over Nederlanda. Også den rike samlaren Niclaes Jonghelinck i Antwerpen, samt kartografen og bokhandlaren Abraham Ortelius gav Bruegel fleire målaroppdrag.

Både dei to sønene Jan og Pieter, og Jan sin son og soneson vart kjende målarar, men ingen av dei var så framståande som Pieter Bruegel den eldre. Saman med sønene Pieter Brueghel den yngre og Jan Brueghel den eldre grunnla han målardynastiet Bruegel. Pieter Brueghel den yngre overtok målarverkstaden og materialet, og produserte nesten som standard kopiar av komposisjonar laga av faren. Jan Brueghel den eldre kopierte nokre av bileta til faren, men i sin eigen miniatyraktige stil, og utvikla seg deretter uavhengig av dei viktigaste målarane i Antwerpen i det 17. hundreåret.

Pieter Bruegel den eldre døydde 5. september 1569 og vart gravlagd frå kyrkja Notre-Dame de la Chapelle.

Verk [endre]

Bruegel sin særeigne stil skil seg mykje ut frå manierismen, den herskande stilretninga i samtida. Større påverknad kom frå Hieronymus Bosch, særleg i Bruegel sine tidlege arbeid ser ein tilvisingar til Bosch sitt biletspråk. Bruegel representerer høgdepunktet i flamsk landskapsmåleri i det 16. hundreåret. Han grunnla den nederlandske bondesjangeren og skapte mange allegoriske verk utifrå ordtak, folkekultur og humanistisk kultur.

Bruegel vart tidleg kjend for sine skildringar av bondelivet, som til dømes i Bondebryllaup og Bondedans. Men berre ein liten del av produksjonen er slike sjangermåleri. Eit av Bruegels mest kjende verk er måleriet Nederlandske ordtak. I dette arbeidet vert over hundre nederlandske ordtak formidla som bilete. Bilete som desse, med 100 eller fleire personar avbilda, finn ein mange av i produksjonen hans. Gjennom framifrå biletkomposisjon framstår desse motiva likevel som balanserte.

Bruegel sine bilete er svært komplekse, kvar vesle detalj av verka hans er tilsikta og har vanlegvis ei særleg tyding. Uttrykk for død og øydelegging som følgje av synder, som i Dødssyndene, men også for livsfryd og dydar, som i Dydane og Barneleik, kjem til syne gjennom heile produksjonen hans. Han utforskar og vurderer haldningar og gjerningar knytt til desse tilhøva ved eksistensen. Synet på den omsnudde verda er nøkkelen til å forstå mange av verka hans.

Bileta Den dystre dagen, Slåtten, Skurdonna, Bølingen på heimferd og Jegerar i snøen er kjende måleri or ein serie. Desse vart laga i 1565 på oppdrag frå kjøpmannen, bankmannen og kunstsamlaren Nicolaes Jonghelinck. To andre bilete, Barneleik og Babels tårn, høyrde truleg med i same serien. Syklusen skildrar årets gang, der kvart måleri representerer to av dei tolv månadane i året.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pieter Bruegel den eldre

Kjelder [endre]