Ciklidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ciklidar


Nimbochromis livingstonii
Nibochromis livingstonii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Perciformes
Familie: Cichlidae
Vitskapleg namn
Cichlidae

Ciklidar (Cichlidae) er ei stor fiskefamilie med 220 slekter og truleg 1300-1900 artar. Dei er hovudsakleg utbreidd i tropisk ferskvatn i Afrika og Sør-Amerika, men nokre få artar finst òg naturleg i USA og Texas. I Noreg kjenner me dei best som akvariefisk.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ciklidane er ei stor og mangfaldig gruppe, med stor variasjon i utsjånad mellom artane. Storleiken deira varierer frå art til art, dei minste vert ikkje større enn 25 mm medan dei største kan nå lengder på 80 cm. Dei fleste er mellom 5 og 30 cm.

Ciklidar er piggfinnefisk som høyrer til kladen Labroidei saman med leppefisk, jomfrufisk og brenningsåborar. Desse fiskane har felles at svelgtennene deira er samanvaksne til ein einskild tannstruktur, og at dei har utvikla eit komplekst sett musklar for å bruka denne som eit ekstra sett kjevar. Det som skil ciklidane frå andre medlemmar av Labroidei, er m.a.:

  • Berre eitt nasebor på kvar side av hovudet
  • Todelt sidelinjeorgan hjå nesten alle artane
  • Karakteristiske otolittar
  • Tarmen går ut av magen på venstre side, medan han går ut på høgre sida hjå andre labroidiar

Formeiring og yngelpleie[endre | endre wikiteksten]

Til vanleg lever ciklidar i stim, men i paringstida vert hannane territoriale. Dei markerer ut eit område i sjøbotnen, og forsvarar det iherdig mot konkurrentar. Det kjem sjeldan til kamp; konfliktane vert oftast avgjort med trugande åtferd. Hannane har ofte særs fargerike paringsdrakter der dei patruljerer dei usynlege grensene sine.

Ein Cyphotilapia frontosa med yngel i munnen

Egglegginga og yngelpleia kan foregå på fleire forskjellige måtar. Mange ciklidar grev ei grop i botnen eller legg egga sine på ein stein. Hjå desse artane plar hannen å forsvara territoriet medan hoa tek aktivt vare på avkommet gjennom å syta for vassgjennomstrøyming, fjerna ubefrukta egg og seinare leie yngelstimane under matsøk. Dette mønsteret er likevel ikkje heilt fastsett; begge partar er i stand til begge typane oppgåver.

Andre artar gøymer egga i holer, under planter, i tomme blautdyrskal eller tilsvarande. Som regel heng desse egga opp i taket i den valde «rugeplassen». Det har vorte observert kommunikasjon mellom yngel og vaksne òg hjå desse artane; både i naturen og i fangenskap. Foreldra hjelpar òg avkommet med å finna mat. Hjå nokre artar slår fleire monogame par seg saman og fostrar opp yngel i lag.

Mange cicklidar, både botn- og holerugarar, kan beskytta larvane sine ved å ha dei i munnen. Ei gruppe, munnrugarane, legg tilmed egga i munnen og befruktar dei der.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ciklidane vert delt inn i åtte underfamiliar med til saman om lag 220 slekter:

Ciklidar i akvarium[endre | endre wikiteksten]

Ciklidar har lenge vore populære som akvariefisk, både på grunn av den praktiske storleiken, den fascinerande åtferden deira og dei vakre fargane hjå mange artar. Den vanlegaste arten er skalaren, Pterophyllum scalare, ein høg Amazonas-art med lange finnar, men det er òg mange andre artar i handelen. Akvariets leksikon listar opp minst 120 ulike artar som er veleigna for akvariebruk.

Ciklidar går ofte gått i lag saman med andre fisk, sjølv om store artar kan angripa og eta mindre fisk. Mindre artar har ofte bruk for selskap av andre småfisk for å forsikra dei om at miljøet er trygt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]