Pipin den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pipin den yngre
Pippin den stutte (Pèpin le bref)
Pépin the younger.jpg
Konge av frankarane
Regjeringstid 752-768
Fødd 714, anskje i Jupille-sur-Meuse, no i Liège
Død 24. september 768
Føregjengar Childeric III
Dynasti Karolingarane

Pipin den yngre (71424. september 768) var konge av frankarane frå 751. Han var far til Karl den store, og første konge av karolingarætta.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Karolingarane hadde alt sete med major domus-stillinga ei tid då Pipin kom til makta i 741. Den første av dei var farfaren Pipin av Heristal. Pipin og bror hans, Karloman, fekk råderett i kvar sin lut av frankarriket: Karloman i Austrasia, og Pippin i Neustria under Childeric III. I 747 gjekk Karloman i kloster, og Pipin fekk råderett som major domus over heile det frankiske riket.

På denne tida sat major domus med den reelle makta, medan kongen, Childeric, berre var konge i namnet som ein konstitusjonell monark. Dette vart snart til ein vits mellom vanlege folk. Pipin sende bod til pave Sacharias, med ønske om formalisering av kongetittelen: Kven var kongen? Han med namnet, eller han med råderetten? Paven støtta Pipins krav, og Pipin sytte for å setja kong Childeric i kloster, etter å ha klipt han snau.

Det endelege skiftet kong gjennom avgjerd på det frankiske tinget, der Pipin vart hylla som konge av dei førande hovdingane i riket. Han vart salva av Bonifatius biskop i Mainz. Halvbroren Grifo stødde ikkje Pipin, men vart drepen i 753.

Styre[endre | endre wikiteksten]

I Pipins kongetid auka frankarriket i omfang, og med støtte frå paven, Stefan II, fekk Pppin råderett over Italia. Dette tydde at han laut kue langobardarane og kongen deira, Desiderius. Langobardarriket vart lagt under Franken i 757. Som takk for stønad gav Pipin store landområde til paven i 759, ei landstripe som vart grunnlaget for Pavestaten.

Pipin sytte og for at sonen hans, Karl (seinare den store) vart salva som arving, slik at arverekkjefølgja var klår. Han døydde under felttog i 768, og sønene hans, Karl og Karloman fekk kongeriket saman.

Pipin la grunnlaget for det seinare tysk-romerske riket, og sytte for å gje frankarane ein framståande posisjon i Europa.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Han vart gift med Bertrada av Laon i 741. Saman hadde dei følgjande born:

  • Karl den store
  • Karloman
  • Gisela
  • Pipin (daud liten)
  • Chrotais (daud ung)
  • Adelais (daud ung)
  • to døtrer som døydde tidleg

Tilnamn[endre | endre wikiteksten]

Det er usemje om Pipin i røynda var «stutt» eller liten. Tilnamnet skriv seg frå hundreåra etter han, og han er ofte og kalla «Pipin den minste» eller «den yngre». «Le bref» kan tyde både 'liten' og 'ung'. Det er og hevda at han fekk dette tilnamnet av di han var «mindre» enn sonen, Karl «den store». Han er og kalla «den tredje», for å skilja han frå farfaren, Pipin av Heristal, og tippoldefaren Pipin av Landen. Namnet Pipin (Pèpin) er avstutting av «peregrin» ('pilegrim'). Pipin av Heristal var ofte kalla «Pipin den mellomste», sidan han var «den andre» på lina. Den tredje var då naturleg nok «den yngste».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia, tysk wikipedia, begge vitja 1. mars 2010.