Piranbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Piranbukta

Piranbukta (kroatisk Piranski zaljev eller Savudrijska vala, italiensk Baia di Pirano, slovensk Piranski zaliv), er ei bukt kalla opp etter den slovenske byen Piran eller den kroatiske halvøya Savudrija. Ho ligg nord i Adriahavet og er ein del av Triestebukta. Ho er avgrensa av ei linje mellom Savudrijaneset (Savudrijski rt) i sør og Madonaneset (Rt Madona) i nord , og dekkjer eit område på om lag 19 km². Eit nytt namn på bukta er foreslått , Dragonjski zaljev.

På den austlege kysten av Slovenia ligg byane Piran, Portorož og Lucija og på den sørlege kysten av Kroatia ligg turiststadane Crveni vrh og Kanegra, bygde i 1980-åra. Den største elva som munnar ut i bukta er Dragonja, rett på grensa mellom Slovenia og Kroatia. Langs munningen til Dragonja finn ein Sečovlje saltslette som dekkjer eit område på 6,5 km².

Den eksakte havgrensa mellom Kroatia og Slovenia vart aldri definert i det tidlegare Jugoslavia og sidan sjølvstende til dei to landa i 1991, har området vore kimen til konflikt mellom fiskarar og politi i begge lnd.

Grensestrid[endre | endre wikiteksten]

Etter den andre verdskrigen var området frå nord for Trieste til elva Mirna i sør ein del av fristaten Trieste. I 1954 vart området oppløyst og delt mellom Italia og Jugoslavia og formelt annektert med Osimo-traktaten i 1975. Den jugoslaviske delen vart vidare delt mellom Slovenia og Kroatia, som begge var republikkar i Jugoslavia.

I 1991, kort tid etter begge landa erklærte sjølvstende, la Slovenia fram forslag om å opprette grenslinja midt i bukta, som er slik Kroatia ser det i dag. Slovenia endra derimot grensa noko året etter. Eit par månader seinare, 5. juni 1992, gjorde Slovenia krav på heile bukta.[1]

Krotia meiner at grenselinja bør følgje midtlinja i bukta og er basert på første setning i paragrav 15 i Havrettstraktaten.[2].

Det slovenske kravet baserer seg derimot òg på paragraf 15 i Havrettraktaten, men på den andre setninga, som seier at historiske krav og kontroll over havområdet overgår andre krav. I følgje Slovenia var Savudrija knytt til Piran i fleire hundreår og Slovenia hevdar at politiet deira kontrollerte heile bukta mellom 1954 og 1991.[3] Om denne påstanden er riktig så kan Slovenia krevje visse delar av bukta på den kroatiske sida av midtlinja. Den historiske kontrollen over området er reist tvil om av Kroatia.[1]

Uansett om Slovenia skulle få kontroll over heile bukta, har dei ikkje fri tilgang til Middelhavet, sidan territorialfarvatnet mellom Italia og Kroatia grenser til kvarandre utanfor bukta. Som følgje av dette har slovenske diplomatar meint at Slovenia i tillegg bør krevje eit større havområde som kompensasjon for at kommunar med slovenske majoritetar ikkje vart tekne med i Osimo-avtalen.[4][5]

Drnovšek-Račan-avtalen[endre | endre wikiteksten]

20. juli 2001 inngjekk statsministrane i Slovenia og Kroatia, Janez Drnovšek og Ivica Račan, den såkalla Drnovšek-Račan-avtalen, som definerte heile landegrensa mellom dei to landa, inkludert grensa til havs.[6] I følgje denne avtalen fekk Kroatia om lag ein tredjedel av bukta og ei maritim grense mot Italia, medan Slovenia fekk ein korridor mot internasjonalt farvatn. Denne løysinga gjorde at Kroatia fekk ein «maritime enklave» mellom italiensk og slovensk farvatn, noko som er i strid med Havretttraktaten om at land ikkje kan krevje suverenitet over havområdet som ikkje er i direkte kontakt med landet.

I motsetnad til Slovenia[7], har ikkje den kroatiske regjeringa ratifisert denne avtalen.[8]

Bled-avtalen[endre | endre wikiteksten]

I 2007 vart statsministrane Sanader og Janša einige om å løyse problemet i Den internasjonale domstolen i Haag.[9] Seint i 2008 blokkerte Slovenia kroatiske forhandlingar for medlemskap i EU, og gjekk tilbake på denne avtalen. Kroatia har på si side insistert på Bled-avtalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Obrezje Journal - Slovenia Border Spat Imperils Croatias NATO Bid New York Times, 23. mars 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Turkalj, Kristian. «Razgraničenje teritorijalnog mora između Hrvatske i Slovenije u sjevernom Jadranu (Piranski zaljev)» (PDF). http://www.pravnadatoteka.hr/pdf/aktualno/hrv/20021015/Turkalj_Razgranicenje_teritorijalnog_mora.pdf. 
  2. UN convention of the Law of the Sea, Part II: Paragraf 15: «Where the coasts of two States are opposite or adjacent to each other, neither of the two States is entitled, failing agreement between them to the contrary, to extend its territorial sea beyond the median line every point of which is equidistant from the nearest points on the baselines from which the breadth of the territorial seas of each of the two States is measured. The above provision does not apply, however, where it is necessary by reason of historic title or other special circumstances to delimit the territorial seas of the two States in a way which is at variance therewith.»
  3. Avbelj M. & Letnar Černič J. (2007). "The conundrum of the Piran bay: Slovenia v. Croatia". Journal of International Law & Policy 6(1).
  4. Peter Toš om slovensk tilgang til ope hav
  5. Rupel om slovensk tilgang til ope hav
  6. Damir Arnaut. Stormy Waters on the Way to the High Sees: The Case of the Territorial Sea Delimitation between Croatia and Slovenia. David Caron & Harry Scheiber, Eds., Bringing New Law to Ocean Waters. Klüwer 2004. http://www.brill.nl/m_catalogue_sub6_id21272.htm
  7. euractiv.com (19. juni 2002): Croatia Questions Border Agreement with Slovenia
  8. "Constitutional watch - Croatia". (2002). East European Constitutional Review 11(3). New York University School of Law..
  9. Dogovor Janša - Sanader: Nerešena meja se seli v Haag

Koordinatar: 45°30′16″N 13°33′43″E