Plovdiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plovdiv
Utsyn over Plovdiv
Utsyn over Plovdiv
Styresmakter
Land
Provins
Bulgaria
Plovdiv
Ordførar Ivan Tsjomakov
Geografi
Flatevidd
 - By

101 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

340 873
  3 352/km²
Koordinatar 42°9′0″N 24°45′0″EKoordinatar: 42°9′0″N 24°45′0″E
Høgd over havet 164 m
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse anna
Nettstad: www.plovdiv.bg
Plassering
Plassering i Bulgaria
Plassering i Bulgaria

Plovdiv (bulgarsk Пловдив) er den nest største byen i Bulgaria etter hovudstaden Sofia, med eit folketal på 341 873.[1] Byen er det administrative senteret i provinsen Plovdiv sør i Bulgaria, i tillegg til den største og viktigaste byen i det historiske området Øvre (eller Nordlege) Thrakia, vidkjend for sin eldgamle og mangfaldig kultur og tusenårige historie.

Byen ligg ved elva Maritsa, om lag 130 km aust for Sofia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plovdiv si historie strekkjer seg 6 000 år tilbake i tid, noko som gjer byen til ein av dei eldste byane i Europa. Byen heitte Eumolpia då han i 342 f.Kr. vart erobra av Filip II av Makedonia, som omdøypte byen til Filippopolis. Byen vart seinare ein sjøvstendig thrakisk by under namnet Pulpudeva, før han vart ein del av Romarriket og hovudstad i Thrakia. Romarane kalla byen Thrimontium.

Slavarane erobra byen på 500-talet før bulgararane tok over byen i 815. Namnet Plovdiv fekk byen på 1400-talet.

Då Bulgaria var under Det osmanske riket på 1800-talet, vart den bulgarske kampen for sjølvstende leia frå Plovdiv, men då byen vart frisett frå osmanarane etter Slaget ved Plovdiv i 1878 vart han likevel ikkje ein del av fyrstedømet Bulgaria, og vart i staden hovudstad i det osmanske Aust-Rumelia fram til 1885 då han vart ein del av Bulgaria.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Plovdiv