Pobeda isøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°39′S 98°54′E
Pobeda isøy
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 64°39′S 98°54′E
Administrert under Antarktistraktaten
Pobeda isøy is located in Antarktis
Pobeda isøy (Antarktis)

Pobeda isøy er ei isøy i Mawsonhavet. Ho ligg 160 km utanfor kysten av Queen Mary Land i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Denne øya, som berre eksisterer i periodar, vert danna når enorme isfjell går på grunn her.

Isøya oppstår og forsvinn i periodar. Ho oppstår av enorme isfjell som kalvar frå Denmanbreen som ligg aust i Shackleton isbrem. Isfjellet driv nordvestover til det går på grunn nord for isbremmen. Isfjellet kan bli liggande her i tiår eller meir, fram til isen smeltar nok til at han bryt laus. Det driv så vidare ut mot det opne havet og smeltar.

Pobeda isøy har varierande storleik, men er ofte opp mot 70 km lang og 36 km brei med eit areal på 1500 km². Å kalle dette ei øy er i teknisk sett feil, sidan det i røynda berre er eit grunnstøytt isfjell med nesten vertikale sider og ein flat topp.

Dei fysiske lovene seier at 11 % av eit isfjell vil ligge over vassnivået (i saltvatn), medan resten ligg under overflata. I tilfellet med Pobeda isøy, der den flate overflata ligg kring 27 meter over havet, tyder dette at djupna til isfjellet går ned til kring 216 meter under havnivå og at den samla høgda er kring 243 meter. Havet her er kring 216 meter djupt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isøya vart første gong observert av US Exploring Expedition, leia av Charles Wilkes, i februar 1840. Øya hindra han i å reise vestover rundt kysten av Antarktis og han kalla ho derfor Termination Land.

Douglas Mawson kalla øya Termination Ice Tongue då han møtte ho under Den australasiatiske antarktisekspedisjonen i 1911-1913. Øya var heilt borte då han kom attende til same staden under BANZARE 1929-31.

Ein sovjetisk ekspedisjon kom over øya i 1960 og gav ho nytt namn, denne gongen Pobeda Ice Island, etter den sovjetiske sigeren over aksemaktene under den store fedrelandskrigen. Pobeda tyder siger på russisk. Dei oppretta til og med ein mellombels forskingsstasjon på øya. Pobeda forsvann ein gong i 1970-åra, men vart erstatta av eit nytt isfjell som kalva i 1985. Denne isøya forsvann i 2003 eller 2004. I dag er det ikkje noko isøy på staden.

Pobeda Canyon[endre | endre wikiteksten]

Kring 200 km nord for Pobeda Ice Island ligg Pobeda Canyon, ei djuphavsgrop som fekk dette namnet i 1956 av A. P. Lizitsin [1]. Ho ligg mellom 62°30′S 100°15′E og 64°30′S 097°35′E.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]