Pointillisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj av Georges Seurat sitt målarstykke La Parade (1889) syner korleis punkt av reine fargar er sett saman attmed kvarandre for å skape motivet ved å blande seg til dei rette valørane for dei som ser på biletet på rett avstand.

Pointillisme (av fransk for prikk; punkt) er ein metode i målarkunsten som går ut på at dei ulike fargane i måleriet ikkje skal blandast av kunstnaren på paletten før dei vert måla på lerretet, men plasserast rett på lerretet som reine fargar i mange små punkt etter eit system som gjer at dei framstår som blanda i dei rette nyansane når det ferdige biletet vert sett på i passande avstand. Det er soleis måten det menneskelege auga fungerer på som gjer at biletet ikkje vert oppfatta som ei mengd einskildpunkt, men dannar det heilskaplege motivet for dei som ser på biletet. Dei fargane som vart nytta som punkt for å byggje opp biletet, var primærfargane raudt, blått og gult, og komplementærfargane oransje, fiolett og grønt.

Franskmannen Georges Seurat (1859-1891) er den mest namngjetne av kunstmålaren som nytta denne måten å måle på. Han var opphavsmannen til teknikken, og har med dette vorte sett på som grunnleggjaren av den retninga som i kunstsoga har fått nemninga neo-impresjonismen (altså ny-impresjonismen i tydinga av å vere ein oppnya etterfylgjar av impresjonismen), namnsett av den franske kunstkritikaren Félix Fénéon i 1886. Nemninga postimpresjonismen er òg nytta om denne kunstretninga. Dei etter måten få kunstnarane som kom til å gjere seg nytte av denne teknikken i ein viss mon, og såleis kan reknast til neo-impresjonistane, var mellom andre franskmennene Paul Signac (1863–1935) med måleri frå slutten av 1800-talet, byrjinga av 1900-talet, og Henri-Edmond Cross (opphavleg namn Henri-Edmond-Joseph Delacroix, 1856– 1910).

Det same prinsippet med å dele opp biletet i fargepunkt for at dei skal blanda seg i auga og danne eit bilete, ligg òg til grunn for dei bileta som skjermane på fargefjernsynsapparata, datamaskinene og dei digitale fotografiapparata syner, og vert òg nytta ved fargetrykk i bøker, aviser, blad og så bortetter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pointillisme