Porkhov
| Porkhov Порхов |
|||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Føderasjonssubjekt | Pskov oblast | ||
| Grunnlagd Bystatus |
1239 1777 |
||
| Geografi | |||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) |
11 414 |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Retningsnummer (tlf) | +7 81134 | ||
Porkhov (russisk Порхов) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sjelon, 75 km aust for Pskov.
Ein reknar med at festninga Porkhov vart grunnlagd av Alexander Nevskij i 1239. Tømmerfestninga vart plyndra av Algirdas i 1356 og brende ned i 1387. Republikken Novgorod bygde straks opp att festningsverka i kalkstein ein drøy kilometer lenger ned elva. I 1428 øydela Vytautas, storhertugen av Litauen, vestmuren med artillerield og gjekk inn i Porkhov. To år seinare gjorde novgorodarane festninga større og murane vart reparert. Men etter at Novgorod fall til moskovittane i 1478 vart festninga mindre viktig.
Festninga består av ein godt bevart ytre mur, to tårn, der det eine delvis er i ruinar, ei kyrkje frå 1412 og eit lokalhistorisk museum.
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| Administrativt senter: Pskov | |
| Dno · Gdov · Nevel · Novorzjev · Novosokolniki · Opotsjka · Ostrov · Petsjory · Porkhov · Pustosjka · Pytalovo · Sebezj · Velikije Luki |