Sjelon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjelon
Munning Ilmen
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 248 km
Middelvassføring 44 m³/s
Nedslagsfelt 9 710 km²

Sjelon (russisk Шелонь) er ei elv i Pskov og Novgorod oblast i Russland. Elva er 248 km lang og har eit nedslagsfelt på 9 710 km². Elva har ei middelvassføring på 44 m³/s.

Elva spring ut aust i Pskov oblast og munnar ut i innsjøen Ilmen i Novgorod oblast. Langs Sjelon ligg byane Porkhov og Soltsy.

Slaget ved Sjelon (14. juli 1471) mellom Storfyrstedømet Moskva og Republikken Novgorod vart utkjempa mellom byen Soltsy og munningen av Sjelon. Det slutta med siger til moskovittane, leia av Hertug Kholmskij. Som følgje av slaget vart Novgorod innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1478.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sjelon