Homofili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regnbogeflagget regnes over størstedelen av verda som symbolet på homofil frigjering
To menn som kyssar

Homofili (frå gr. homo + fili («same» + «elske»), altså elske den same, og da ein av same kjønn) er preferanse for ein person av sitt eige kjønn som kjærleiksobjekt.

Omgrepet blei først nytta i ein artikkel i Jahrbuch für sexuelle Zwischenstufen''i Tyskland i 1904, og blei sidan nytta til ein viss grad av dei tyske rørslene for homoseksuelle rettar på 1920-talet. Det var likevel først etter andre verdskrigen at omgrepet fekk eit slags gjennomslag. Det blei då nytta av dei nye homoorganisasjonane som oppstod i dei fleste vestlege landa (til dømes Det norske forbundet av 1948, danna i 1952 etter å ha vore ei avdeling av ein dansk organisasjon frå 1950). Homorørslene som oppstod på 1940- og 1950-talet blir ofte kalla for homofil-rørsler (homophile movements), og det nye omgrepet blei aktivert som ledd i ein politikk for å omdefinera fenomenet frå seksuell perversjon til noko som omhandla kjærleik.

Frå slutten av 60-talet blei desse rørslene og den generasjonen som starta dei, kritiserte for å vera for diskrete og forsiktige, og eit ledd i dette var å mobilisera nye omgrep som gay og lesbian, på norsk «homsar» og «lesber». I den grad «homophile» hadde fått noko gjennomslag i engelsk og amerikansk, overtok «homosexual», «gay» og «lesbian» denne plassen frå slutten av 1960-talet.

«Homofili» blei første gong nytta på norsk i ein brosjyre av den norske avdelinga av det danske «Forbundet af 1948» i 1951. Noreg er eit av dei få (det einaste?) landet der dette omgrepet framleis har stor utbreiing.

«Skeiv» er i dag ei nemning som blir brukt om dei som ikkje definerer seg som heterofile. Nemninga kan samanliknast med det engelske ordet «queer».

Haldningar til homofili[endre | endre wikiteksten]

Kart over lovgiving for likekjønnet samliv i forskjellege delar av verda. ██ Ingen informasjon Likekjønnet samliv lovleg ██ Likekjønnede ekteskap ██ Likekjønnede partnerskap ██ Ingen parterskapslovar ██ Utenlandske ekteskap godkjent Likekjønnet samliv straffbart ██ Minimal straff ██ Stor straff ██ Fengsel på livstid ██ Dødsstraff ██ Ingen informasjon om straff

Noreg, Sverige, Canada, Spania, Sør-Afrika, Nederland, Belgia, samt delstatane Massachusetts, Connecticut, Iowa, Maine, Vermont og New Hampshire i USA, er dei einaste statane i verda der likekjønna par kan inngå ekteskap.

Mauritania, Sudan, Somalia, Jemen, Saudi-Arabia, Iran og Afghanistan praktiserer dødsstraff for seksuelle handlingar mellom menneske av same kjønn.