Preševodalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Preševodalen (albansk: Lugina e Preshevës, serbisk: Прешевска Долина eller Preševska Dolina) er ein geografisk region sør i Sentral-Serbia. Regionen består om lag av kommunane Bujanovac and Preševo, som begge grensar til Kosovo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Geografisk er Preševodalen same dalen som elva Moravica renn gjennom, frå munningen i Južna Morava i Bujanovac til kjelda nær byen Preševo i Medvedja. Han er ein del av Morava/Vardar ruta frå nord til sør over Balkan, som følgjer elvane Velika Morava, Južna Morava og Moravica gjennom Serbia frå der Velika Morava renn saman med Donau (når ein reiser sørover), til der ei sideelv renn saman med elva Vardar sør for Preševo. Vidare sørover kjem ein gjennom Makedonia og Hellas til Egearhavet. Ruta er den viktigaste kommunikasjonsåra som kryssar Balkanhalvøya frå nord til sør, og ei forholdsvis direkte rute frå Egearhavet til Mellom-Europa, medan resten av Balkanhalvøya er fjellkledd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]