Provinsen Rovigo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Rovigo
Provincia di Rovigo-Stemma.png
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Veneto
Hovudstad Rovigo
Areal 1 789 km²
Folketal (2005) 244 625
Folketettleik 137/km²
Kommunar 50
Bilnummer RO
Postnummer 45100, 45010-45039
Retningsnummer (tlf) 0425, 0426
President Federico Saccardin
Rovigo posizione.png
Plasseringa til Rovigo i Italia


Provinsen Rovigo (italiensk Provincia di Rovigo) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Rovigo. Han har eit areal på 1 789 km² og totalt 244 625 innbyggjarar (2005). Det er 50 kommunar i provinsen.

Han grenser i nord til provinsane Verona, Padova og Venezia, i sør til provinsen Ferrara og i vest til provinsen Mantova. I aust ligg Adriahavet.

Adige renn inn i provinsen Rovigo nær Badia Polesine.

Den nordlege grensa går langs elva Adige frå Badia Polesine til sjøen, bortsett frå langs området Cavarzere (i provinsen Venezia) og den sørleg grensa går langs Po frå Melara til sjøen. Provinsen inneheld heile deltaet til Po.

Po renn inn i provinsen Rovigo nær Melara.

Av dei største kommunane i provinsen finn ein:

Kommune Innbyggjarar
Rovigo 50 922
Adria 20 593
Porto Viro 14 484
Lendinara 12 198
Badia Polesine 10 741
Occhiobello 10 621
Porto Tolle 10 377
Taglio di Po 8 389
Rosolina 6 304
Villadose 5 285

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]