Qibla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaba som midtpunkt på eit verdskart.

Qibla er eit arabisk ord som refererer til retninga ein muslim skal venda seg i når han ber. Opphavleg skulle dette vera i retning Baitul Muqaddas i Jerusalem, men i 624 evt. då Muhammed hadde emigrert til Medina vart bøneretninga endra til å vera i retning Kabaen i Mekka.

Nokre ikkje-muslimske akademikar tilskriv endringa til ei konflikt mellom Muhammed og jødane i Medina. I tradisjonelle islamske kjelder vert det fortalt om ei plutseleg endring som tok stad då Muhammed fekk ei openberring under ei morgonbøn han leia. Muhammed, som då var vend imot Jerusalem, skal med det same ha snudd seg og vend seg mot Mekka, og dei bak han følgde etter.

Bøneretninga vert alltid sett til å vera i den retninga der distansen til Kaba er kortast. Ein spesiell situasjon oppstår når muslimar ber inne i sjølve Kaba, dei vil då venda seg mot ytterveggane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]