Arkade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Arkade kan og tyda arkadespel.
Midtskipsveggen i St.Denis, som syner arkadar, triforium og klerestorium
Blindarkadar frå St. Madeleine Chateaudun

Arkade av latin arcus, boge er ei bogerekkje på ein frittståande søylerad. I middelalderens arkitektur dannar arkaden den nedste etasjen i midtskipsveggen, triforium den midtre, og klerestorievindauga den øvste etasjen.

Arkadar kan også vere eit inntrukke felt på ein vegg, nytta som arkitekturornamentikk, og vert då kalla blindarkade. Bogene kan då stå tett inntil kvarandre eller overskjere kvarandre, og vert då kalla kryssbogearkadar.

Utrykket arkade vert også nytta om ein overdekt gang, som også vert kalla galleri, og som er open på ei eller fleire sider gjennom ei arkaderekkje.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arkade