Qinhuangdao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
秦皇岛
Qinhuangdao.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hebei
Borgarmeister Zhu Haowen
Geografi
Flatevidd
 - By

7812 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

2,805,400
  359.1/km²
Koordinatar 39°56′″N 119°36′″EKoordinatar: 39°56′″N 119°36′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 066000
Telefon-retningsnummer 335
Bilnummer C
Nettstad: qhd.gov.cn
Plassering
Plassering av  Qinhuangdao

Qinhuangdao er ein kinesisk storby og hamneby nordaust i Hebei-provinsen ved kysten mot Bo Hai-bukta i Gulehavet. Han har status som byprefektur. Byen ligg aust for Beijing og nordaust for Tianjin, med Yanshan-fjella i nord. Folketalet i byen vart i 2007 oppgjeve til 776 000, medan heile prefekturet har 2,8 millionar innbyggarar.[1]

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Qinhuangdao består av tre bydistrikt, tre fylke og eitt autonomt fylke:

  • Bydistriktet Haigang (海港区), 121 km², ca. 510 000 innbyggarar (2003)
  • Bydistriktet Shanhaiguan (山海关区), 192 km², ca. 140 000 innbyggarar (2003)
  • Bydistriktet Beidaihe (北戴河区), 70 km², ca. 60 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Changli (昌黎县), 1184 km², ca. 550 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Funing (抚宁县), 1646 km², ca. 510 000 innbyggarar (2003)
  • Fylket Lulong (卢龙县), 945 km², ca. 420 000 innbyggarar (2003)
  • Det autonome fylket Qinglong for mandsjuarane (青龙满族自治县), 3309 km², ca. 510 000 innbyggarar (2003)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bynamnet tyder ordrett «Qin-keisaren si øy», og har sin bakgrunn i ein av keisarane under Qin-dynastiet (221-206 f.Kr.) som i 215 f.Kr. kom til dette området i håp om å finna piller som etter det som vart fortald skulle sikra han eit langt liv. Frå å vera ein liten fiskarlandsby har byen vakse til ein av dei strøste hamnebyane i det nordlege Kina.

Hamna vart opna for utenlandsfart i 1898. Byen er og blitt kraftig industrialisert, og den medfølgande forureininga av strendene har langt på veg teke knekken på badeturismen som og utvikla seg på 1900-talet.

Qinhuangdao har ei viktig oljehamn.

Badebyen Beidaihe ligg innan byprefekturet Qinhuangdaos grenser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Qinhuangdao

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Welcome to Qinhuangdao ved www.qhd.gov.cn