Ragnar Lodbrok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ragnar Lodbrok var ein dansk vikinghovding som levde på 800-talet, på same tid som Harald Klakk og Ludwig den fromme. Han er ofte omtala som konge i Danmark, men dette er truleg gale. Han levde samstundes med den danske kongen Hårek.

Soga om Ragnar Lodbrok reknar ein til fornaldersogene, og fortel ikkje beint fram om den historiske Ragnar. Skal ein finne stoff om han i historiske kjelder, bør ein leite i frankiske årbøker og angelsaksiske kjelder. Soga fortel til dømes at han miste livet i kamp med kong Aelle av Northumberland, og vart sett i ormegard der. Andre kjelder fortel at han var med på vikingtoget mot Paris i 841, og omatt i 845. Etter denne framstillinga skal han ha døydd ved heimkoma til Danmark ikkje lenge etter.

Segna fortel at Ragnar gifte seg med Åslaug, dotter av Sigurd Fåvnesbane, som var oppfostra på Spangereid i nærleiken av Lindesnes. Dei fekk fire søner, og den yngste, Sigurd Orm-i-auga skulle vera stamfar til Harald Hårfagre gjennom mora Ragnhild. Slik ætter den norske kongslina frå Ragnar. Sigurd skal óg vera oldefar til Gorm den gamle.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Soga om Ragnar Lodbrok, Frankiske årbøker.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • [1] Ulrike Strerath-Bolz, Rezension von Rory McTurk, Studies in "Ragnars saga loðbrókar" and Its Major Scandinavian Analogues, Alvíssmál 2 (1993): 118–19.