Sigurd Fåvnesbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Fåvnesbane drep sin eigen fosterfar, slik det er skildra på den venstre vangen på Hylestad I -portalen frå den nedrivne Hylestad stavkyrkje
Foto: John Erling Blad

Sigurd Fåvnesbane er ein segnfigur kjend frå dei såkalla heltedikta i mellomaldersamlinga Den eldre Edda og i prosaframstillinga Volsungesoga (òg kalla Soga om volsungane, det vil seie soga om volsungeætta, den ætta som Sigurd høyrde til), og dessutan frå det gamle tyske Nibelungenlied (songen om Nivlungane).

Tilnamnet Fåvnesbane tyder Fåvnes drapsmann, og refererer seg til at Sigurd drap den kjempestore ormen Fåvne, steikte ormehjarta, og då han fekk hjarteblodet frå ormen i munnen, fekk han evna til å skjøne kva fuglane i treet i nærleiken av han song om. Av fuglanes samtale seg i mellom fekk han kjennskap til at fosterfaren hans, smeden Regin, som var broren til ormen Fåvne, hadde sett seg føre å drepe han, og difor drap Sigurd sin eigen fosterfar.

Sigurd Fåvnesbane er berre ein av fleire personar i ein segnsyklus som skildrar svik og drap i ein brutal og blodig kamp mellom to kongsætter i eit heident germansk samfunn. Jamvel dei germanske guddommane, med guden Odin i brodden, gjer sitt til at dei to ættene til slutt har utrydda kvarandre heilt, og gullet som dei hadde kivast om, vart liggande på botn av elva Rhinen for all framtid. I denne litteraturen har den kristne kyrkja gjeve gamalt heident segnstoff ei kristen tolking som syner heidendomens djevelske innhald, slik det går fram av at hendingar frå denne segnsyklusen har vorte motiv på fleire stavkyrkjeportalar i Noreg og på tidlegkristne monumenter i andre land, som rune- og biletristinga på Ramsundsberget i Södermanland i Sverige, på steinmonument frå mellomalderen på Dei britiske øyane, og jamvel på 1100-talskyrkja Sankt Demetriuskatedralen i Vladimir i Russland.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Soga om volsungane, omsett av Magnus Rindal. Oslo 1974: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0300-6

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]