Ragnhild Haga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Haga


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1991 (33 år)
Holter
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018, Ski-VM 2021

Ragnhild Haga (fødd 12. februar 1991) er ein norsk langrennar frå Holter i Nannestad kommune. Ho vart olympisk meister på 15 km og i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 2018. Haga har elles vunne ein verdscupsiger i finske Ruka der ho 26.11.2017 hadde beste tid i 15 km punktstart.

Haga var i 2009-sesongen med på IL Heming sitt stafettlag som vann NM-stafetten på Gjøvik, med saman med Tuva Toftdahl og Astrid Jacobsen. Fem år seinare gjentok dei same tre utøvarane prestasjonen under NM 2014 på Lillehammer. Vinteren 2011 vann Haga 5-kilometeren då junior-VM fann stad i estiske Otepää. Ho byrja nærja nærme seg verdstoppen i langrenn i 2015-sesongen, ein sesong der ho vart nummer fire i Tour de ski.

Haga debuterte i verdsmeisterskap på ski den 4. mars 2017 og vart nummer fire på tremila, einast slått av landskvinnene Marit Bjørgen, Heidi Weng og Astrid Jacobsen. 26. november 2017 vann Haga den innlagde punktstarten då Ruka-turneringa i Finland vart avslutta med 15 km jaktstart.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]