Rakaia River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rakaia River
Rakaia river sett frå Mount Hutt.
Rakaia river sett frå Mount Hutt.
Utspring Søralpane
Munning Stillehavet
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Lengd Ca. 150 km
Middelvassføring 203 m³
Rakaia River - Rakaia River
Rakaia River

Rakaia River renn gjennom slettelandskapet Canterbury PlainsSørøyaNew Zealand[1]. Rakaia River er ei av dei største forgreina elvene på New Zealand[2]. Elva har ei middelvassføring på 203 m³/s.

Ho renn ut frå Søralpane, går 150 kilometer i austleg eller søraustleg retning før ho munnar ut i Stillehavet, 50 kilometer sør for Christchurch. Under det meste av ferda har elva eit forgreina elveløp, og renn gjennom ei vid grusseng. Nær Mount Hutt går ho eit kort stykke gjennom ein trong canyon, kjend som Rakaia Gorge.

I 1850-åra kalla europeiske nybyggjarar elva Cholmondeley River, men dette namnet gjekk ut av bruk[3]. Det går bruer over Rakaia River på to stadar. Den mest trafikkerte overgangen er ved den vesle byen Rakaia, 20 km frå elvemunningen, der hovudvegen, New Zealand State Highway 1 og jarnvegslinja South Island Main Trunk Railway kryssar elva på separate bruer. Desse to bruene er dei lengste veg- og jarnvegsbruene på New Zealand, om lag 1,75 km lange[4]. Ei anna bru, mykje kortare og mindre trafikkert, går over Rakaia Gorge.

Rakaia River er kjend for fisket av chinooklaks (Oncorhynchus tshawytscha)[5]. Elva er elles kjend for den store bestanden av skeivnebblo (Anarhynchus frontalis) (engelsk Wrybill) som utgjer 73 prosent av totalbestanden. Andre viktige fugleslag som lever ved Rakaia er maoriterne (Sterna albostriatus) (engelsk Black-fronted Tern) og nyzealandbeltelo (Charadrius bicinctus) (NZ-engelsk Banded Dotterel, UK-engelsk Double-banded Plover)[6].

Central Plains Water Enhancement Scheme, som er eit storstilt forslag til vass-avleiing, oppdemming, distribusjon og vatning for sentrale delar av Canterbury Plains, føreslår å ta opp til 40 m³/sek. av vatnet i Rakaia River som ein del av forsterkinga av vatninga i desse områda[7].

Brua over Rakaia Gorge

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. LINZ.govt.nz Place Name Detail Rakaia River
  2. Morland, K. 1994: Water Resources of the Canterbury Region. Canterbury Regional Council Unpublished Technical Report U94/59.
  3. 'Rivers Revert', John Wilson. 'Canterbury', Te Ara Encyclopedia of New Zealand, oppdatert 2. mars 2009 URL: http://www.TeAra.govt.nz/Places/Canterbury/Canterbury/en, retrieved 30 June 2008.
  4. "The Rakaia River", Selwyn District Council, http://www.selwyn.govt.nz/background/rakaia.htm, retrieved 31 August 2007
  5. West I. F. and Goode,R. H. (1987) "Aerial counts of spawning chinook salmon (Oncorhynchus tshawytscha) on the Rakaia River system, Canterbury, New Zealand, 1973-76." New Zealand Journal of Marine and Freshwater Research, 1987, Vol. 21: 563-572.
  6. O’Donnell, C.F.J. (2000).The significance of river and open water habitats for indigenous birds in Canterbury, New Zealand, Environment Canterbury Upublisert rapport U00/37.
  7. Environment Canterbury Resource Consents vevside, vitja 15. januar 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°56′S 172°13′E