Skeivnebblo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skeivnebblo

Status i verda: VU Sårbar

SkeivnebbloLitografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Skeivnebblo
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Anarhynchus
Art: A. frontalis
Vitskapleg namn
Anarhynchus frontalis
Quoy & Gaimard, 1830

Skeivnebblo, Anarhynchus frontalis, er ein mellomstor medlem av lofamilien, Charadriidae, endemisk til New Zealand. Dette er einaste fuglearten i verda som har ein sidelengs vridd nebbspiss. Nebbtuppen er alltid vridd mot høgre. Populasjonen hekkar på Sørøya, dei er flyttfuglar som overvintrar på Nordøya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Reirplass med 2 egg
Foto: John Hill
Rugande skeivnebb
Foto: John Hill

Skeivnebbloa er med lengd på 20 centimeter og 60 gram i vekt litt større enn til dømes sandlo. Fjørdrakta har kvit underside av kropp og venger, kvit strupe og panne. Krone, hette og oversida er oskegrå. Det svarte, vridde nebbet er langt til lo å vere, auga er svarte og beina er grågrøne. I hekkedrakt får dei eit mørkt, tydeleg teikna belte tvers over brystet, hannen litt breiare enn hoa. Brystbandet er heilt eller delvis borte utanom hekketida.

Vinterstid finn ein skeivnebbloa spreidd langs kysten av Nordøya, ofte i flokkar på over 100 fuglar og ein stor del av bestanden i havbukta Firth of Thames.[1] Fåtalige lever òg på Sørøya, til dømes på Farewell Spit.

Hekkeområdet ligg i Canterbury og indre Otago, inne i innlandet sentralt på Sørøya, her hekkar dei langs elvebreidder som Rakaia River. Nokre få hekkar ved innsjøar som Lake Tekapo. Hoa legg to egg på rein grus utan vegetasjon. Rugetida er ca. 30 dagar og begge kjønn tar del i ruginga. Dei fleste fuglane blir hekkefuglar i andre leveåret og det eldste kjente individet av skeivnebblo blei over 16 år.

Det sære nebbet til skeivnebbloer hjelper dei i å grave fram virvellause dyr og larver som ligg under steinar, for det meste artar som er knytt til vatn. Dette kan vere vårfluger, steinfluger, døgnfluger og biller. Når dei beitar på mudderbankar er det ulike krepsdyr som er byttedyra. Utanom hekketida er dei sosiale og dannar flokkar ved beiting og kvile. Dei kan òg flyge tett og synkronisert.

Dette er ein sjeldan og verna art, bestanden er estimert til 4500-5000, (år 2003) og er minkande.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gerard Hutching. Wading birds - Wrybill and shore plovers, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updated 2-Mar-09
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skeivnebblo