Canterbury på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om regionen på New Zealand. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Canterbury (fleirtyding).
Canterbury på New Zealand
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Position of Canterbury Region.png
Regionstyre
Namn: Canterbury Regional Council
Leiar: Kerry Burke
Folketal: 552 800
(estimat juni 2008)
Flatevidd: 45 845 km²
Heimeside: Canterbury Regional Council
Større og mindre byar
Namn: Akaroa, Amberley, Ashburton, Christchurch, Fairlie, Kaiapoi, Kaikoura, Rangiora, Rolleston, Timaru, Waimate
Distriktsstyre
Namn: Kaikoura District
Hurunui District
Waimakariri District
Christchurch
Selwyn District
Ashburton District
Timaru District
Mackenzie District
Waimate District
Waitaki District (del av)
Heimesider: Kaiokura District
Huruni District
Waimakariri District
Christchurch City
Selwyn District
Ashburton District
Timaru District
Mackenzie District
Waimate District
Waitaki District

Regionen Canterbury (maori Waitaha) på SørøyaNew Zealand består i hovudsak av Canterbury Plains og fjellområda omkring. Den største byen, Christchurch, er administrasjonssenter i regionen, og tilhaldsstad for regionsstyresmaktene, Canterbury Regional Council (Environment Canterbury), og University of Canterbury.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser folketettleiken i regionen Canterbury ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Canterbury er arealmessig den største regionen på New Zealand. Regionen grensar i nord til elva Conway River og mot vest til fjellkjeda Søralpane. Sørgrensa er ved elva Waitaki River.

Det er vanleg å omtala inndelinga av regionen i North Canterbury (nord for Rakaia River), Mid Canterbury (frå Rakaia River til Rangitata River), South Canterbury (sør for Rangitata River) og Christchurch (Christchurch City). For mange føremål vert South Canterbury sett på som ein separat region, med sentrum i byen Timaru. Denne inndelinga fell ikkje saman med den administrative inndelinga av regionen i distrikt.

Då den noverande lokalstyrestrukturen vart skipa i 1989, var Kaikoura District ein del av Nelson-Marlboroughregionen. Denne regionen vart seinare oppløyst og erstatta av tre territoriale regionar (unitary authorities). Kaikoura var for lite til å greia seg som sjølvstendig territorial region, og vart lagt inn under Canterburyregionen som eit distrikt. I tankegangen til mange menneske er likevel Kaikoura enno ein del av Marlborough.

Folketalet i Canterburyregionen er 552 800 [1](estimat juni 2008), dette gjer han til den folkerikaste regionen på Sørøya og den nest største på New Zealand etter folketal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kolonisering[endre | endre wikiteksten]

I 1848 skipa Edward Gibbon Wakefield og John Robert Godley foreininga Canterbury Association som hadde til føremål å planleggja ein koloni på Sørøya på vegne av den engelske kyrkja (Church of England). Kolonien skulle styrast etter visjonar om eit nytt Jerusalem[2] som Wakefield hadde funne fram til medan han sat i fengsel for å ha bortført ei ungjente for å gifta seg med henne.

Frå 1850 starta utviklinga i provinsen, og i denne tida teikna arkitekt Benjamin Mountfort, den første provinsarkitekten, offentlege og kyrkjelege bygningar i nygotisk stil.

Canterbury Province[endre | endre wikiteksten]

Canterbury Province vart danna i 1853 etter at lova om newzealands statsforfatning, New Zealand Constitution Act 1852, vart vedteken. Provinsen gjekk ut frå New Munster og omfatta både aust- og vestkystane på Sørøya på New Zealand. Provinsen vart avskaffa, saman med dei andre provinsane på New Zealand, i 1876.

Vinregionar i Canterbury[endre | endre wikiteksten]

Canterbury har to større område med vindyrking. Dei er Waipara og området kring Christchurch, vinane har for ein stor del vorte namngjevne «Canterbury». I den seinare tida er det produsert vin frå vinmarker i Kurow lenger mot sør.

Kvitvin har for ein stor del dominert vinproduksjonen i Canterbury, frå druene Riesling, Sauvignon Blanc, Chardonnay, Gewürztraminer, og i mindre grad Pinot Blanc og Pinot Gris. Pinot Noir har til ein viss grad også vore vellukka i provinsen, særleg i Waipara.

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Folk frå New Zealand omtalar gjerne folka frå Canterburyregionen som «Cantabrians», ei nemning som også vert brukt om folk frå Cantabria i Spania, men i dei fleste samanhengar er det usannsynleg at dette fører til misforståingar. Folk frå byen Canterbury i England kallar seg sjølve Cantuarians.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Subnational Population Estimates: At 30 June 2008
  2. L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (September 2006) The Rough Guide to New Zealand, 5.. utg., s. 633 – New York-London-Delhi. ISBN 1-84353-679-X.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Canterbury på New Zealand