Rakvere
| Rakvere linn | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Rakvere-borga sett frå Tarvas-statuen | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Maakond | Lääne-Viru maakond | ||||
| Borgarmeister | Andres Jaadla | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
10,64 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
16 988 1 596,6 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.rakvere.ee | |||||
Rakvere (tysk Wesenberg eller Wesenbergh) er ein by og kommune nord i Estland, 20 km sør for Finskebukta. Byen er hovudstad i Lääne-Viru maakond,
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Det er funne spor etter busetnader her tilbake til 200–400-talet e.Kr. Truleg for å verne denne busetnaden vart det reist ei trefestning på Vallimägi. Då danskane tok over området i 1220, reiste dei bygningar i stein. Busetnaden Tarvanpea vart første gong nemnd i soga til Henrik av Latvia i 1226. Den nye danske festninga vart kalla Wesenbergh på middelnedertysk for første gong i 1252. Slaget ved Rakovor mellom danske og tyske riddarar, samt russarar, fann stad i nærleiken den 18. februar 1268.
Den 12. juni 1302 fekk Rakvere Lübeck-rettar. Då den danske kongen selde Dansk Estland til Den livlandske ordenen i 1346, vart det reiste ei stor borg over den tidlegare festninga. Ordensburg vart verna av tårn og borggardar. Bygginga av eit fransiskanarkloster starta i 1508.
Under livlandskrigen frå 1558 til 1581 var Rakvere under russisk styre og vart hardt råka. Sverige regjerte over byen ei kort stund, før han fall til Det polsk-litauiske samveldet i 1602. Polakkane øydela borga i 1605. Etter at byen kom tilbake til Sverige dette året, vart ein ny bygning reist i ruinane av klosteret. Under den store nordiske krigen vart Rakvere sett i brann i 1703. Med Nystad-traktaten gjekk Rakvere til Det russiske riket, der han vart verande fram til Estland fekk sjølvstende i 1918 etter den første verdskrigen.
I den første perioden med sjølvstende vart fleire utprega bygg reist, som marknadsbygningen, den gamle bankbygningen (i dag SEB Eesti Ühispank) og Rakvere gymnas. I 1930 opna stadionet i byen. Lokale aviser dukka opp, som regionsavisa Virumaa Teataja, som først kom ut i 1925. Eit teater vart bygd mot slutten av 1930-åra, og vart opna 24. februar 1940. Teateret kom uskadd frå den andre verdskrigen og er framleis i bruk i dag.
Tarvas-statuen [endre]
Rakvere er kjend for Tarvas-statuen av ein urokse, som vart laga av den estiske skulptøren Tauno Kangro. Det skal visstnok vere den største dyrestatuen i Baltikum. Statuen står på kanten av Vallimägiåsen og vart reist i samband med 700-årsfeiringa av byen. I lag med granittblokka statuen står på, er han sju meter lang, fire meter høg og veg om lag sju tonn. Statuen er laga i bronse.
Bilete [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettside
- Attraksjonar i Rakvere
- Bilete av Rakvere om kvelden av Kaiko Lipsmäe
- Folketal i Rakvere etter morsmål i 1897
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rakvere» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2009.