Rasmus Leganger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Leganger
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. desember 1776
Eigersund kommune
Død

12. april 1841 (64 år)
Fredrikshald

Yrke politikar, trelasthandlar
Språk norsk

Rasmus Abildgaard Leganger (20. desember 177612. april 1841) var ein norsk trelasthandlar i Fredrikshald. Georg Leganger var sonen hans, Henrik Leganger bror hans.

Leganger var son av ein skipper og handelsmann i Eigersund. Sjølv slo han seg i siste del av 1790-åra ned i Halden, der han sidan dreiv sagbruk og handel med trelast.

I 1833 representerte Leganger Fredrikshald på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget, av tollkomiteen og av komiteen om kjøpstadskatten.

Leganger døydde i Halden i 1841.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]