Rasmus S. Moltu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus S. Moltu
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1865
Død

19. september 1945 (79 år)

Rasmus Martinus Sivertsson Moltu (19. desember 186519. september 1945) var ein norsk gardbrukar, fiskar og politikar frå Herøy i Møre og Romsdal. Han var stortingsmann for partiet Venstre i åra 1919-24.

Moltu var son til ein gardbrukar på Moldtustranda i Herøy på Sunnmøre. Han gjekk eit kurs på amtsskulen, og var fiskar og frå 1888 gardbrukar på Moltu. I 1889 fekk han offentleg stipend for å vitje verdsutstillinga i Paris. Frå 1895 til 1915 dreiv han fiskje frå eigen fiskebåt. Samstundes dreiv han handel med både sild og torsk.

Moltu var medlem i Herøy heradsstyre frå 1898, ordførar 1908-19. Han var også forlikskommissær i Herøy. Både i 1915 og 1929 var han med i departementale fiskeribankkomitear, og i 1929 også i ein komite som såg på klippfiskprisane. Moltu var formann i Søndmøre og Romsdals Fiskeriselskap og styremedlem i Noregs Fiskarlag.

I åra 1910-15 var Moltu varamann til Stortinget frå Søre Sunnmøre krins. Perioden 1919-21 møtte han på tinget frå valkrinsen Ytre Sunnmøre, medan han i 1922-24 representerte Møre fylke. Alle tingåra var han medlem i Næringskomite nr 1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]