Raud jonsokblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raud jonsokblom


Jonsokblom03.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Caryophyllaceae
Slekt: Silene Smelle
Art: S. dioica
Vitskapleg namn
Silene dioica
(L.) Clairv., 1811

Raud jonsokblom (Silene dioica) er ein art i nellikfamilien. Arten finst i større delar av Europa og i Nord-Afrika, og finst som forvilla art andre stader i verda.

Planta er ein fleirårig urt, som er 25-70 cm høg. Stilk og blad er oftast mjukt hårete, sjeldan glatte. Blada er lansettforma eller elliptiske, motsett stilte, med ingen eller korte bladstilkar. Blomane veks i knipper mot toppen av planta. Kronblada er purpurraude, i sjeldne tilfelle rosa eller kvite, kløyvde i spissen. Frukta er ein brungul kapsel.

Arten veks i heile landet i veggrøfter, i all kulturmark (beitemark, eng, åker) og på avfallsplassar og rundt industrifelt. Til fjells finst planta nesten opp til 1800 moh.

Planta blomstrar i låglandet frå seint på våren og fram over føresommaren, til fjells i juli-august.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Wikipedia på norsk bokmål.
  • Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]