Reinald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henginga av Reinald.

Reinald (død 1135) var ein normannisk benediktinarmunk frå Winchester i England. Reinald vart fyrste biskopen i Stavanger om lag 1125. Hans store prosjekt var bygginga av Stavanger domkyrkje.

Etter ei stund med kyrkjebygging gjekk han tom for pengar. Om lag på same tid vende kong Sigurd I Jorsalfar seg til han. Kongen ynskte å gifta seg på nytt, men biskopen av Bergen hadde nekta å annullera det tidlegare ekteskapet til kongen. Om Reinald ville, skulle kongen gje han pengar til å halda fram bygginga av domkyrkja. Eit slikt tilbod kunne ikkje Reinald takka nei til.

Reinald hadde med seg helgenen Svithun sin arm til Stavanger som relikvie. Det er ikkje visst om han hadde fått lov til å ta relikviet med seg.

Stavanger domkyrkje vart vigd til den heilage Svithun, og armen hans vart lagd i eit relikvieskrin på høgalteret i domkyrkja. Der vart det liggjande til etter reformasjonen. Svithun vart òg vernehelgen for Stavanger.

Harald Gille og Magnus Blinde kom i konflikt nekta Reinald å gje pengar til kong Harald. For dette måtte han bøta med livet i galgen i Bjørgvin den 18. januar 1135.