Rheine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rheine
Stadtkirche Sankt Dionysus i Rheine
Stadtkirche Sankt Dionysus i Rheine
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Rheine
Rheine is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Münster
Steinfurt
Først nemnd i 838
Geografi
Flatevidd
 - By

145,08 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

76 438
  527/km²
Koordinatar 52°17′0″N 07°26′0″EKoordinatar: 52°17′0″N 07°26′0″E
Høgd over havet 27-90 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 48429, 48431, 48432
Telefon-retningsnummer 05971, 05975, 05459
Bilnummer ST
Heimeside: www.rheine.de

Rheine er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen er den største byen i kreisen Steinfurt og ligg ved elva Ems, om lag 40 km nord for Münster, 45 km vest for Osnabrück og 45 km aust for Enschede (Nederland).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om området rundt byen har vore busett sidan førhistorisk tid vart Rheine først nemnd i eit dokument signert av Ludvig I i 838. 15. august 1327 fekk Rheine byrettar av Ludvig II, biskop av Münster.

Byen vart grunnlagd der to gamle handelsvegar kryssa forbi, og ved ein vadestad over Ems. Frankiske soldatar sikra dette strategiske punktet med ein kasernegard, og seinare vart det bygd ei kyrkje og fleire bygningar ved utposten.

Mot slutten av trettiårskrigen vart byen lagt i oske. Svenske og hessiske troppar omleira keisaren sine soldatar som forskansa seg i Rheine. 20. og 21. september og 19. oktober 1647 vart brennande kanonkuler avfyrt mot byen og 365 hus brann ned.

Under industrialiseringa blømde tekstilindustrien i byen. Han var ein viktig økonomisk faktor for Rheine fram til andre halvdel av 1900-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rheine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]