Elva Ems

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ems
Ems i Meppen i Tyskland
Ems i Meppen i Tyskland
Utspring Aust i Westfalen
- Høgd 134 m
Munning Nordsjøen
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Nederland Nederland
Lengd 371 km
Middelvassføring 80 m³/s
Nedslagsfelt 17 394 km²
Ems -

Ems (nederlandsk: Eems) er ei elv nordvest i Tyskland og nordaust i Nederland. Ho renn gjennom dei tyske delstatane Nordrhein-Westfalen og Niedersachsen og dannar grensa mellom området Aust-Friesland i Tyskland og provinsen Groningen i Nederland. Den totale lengda hennar er 371 km.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva har sitt utspring sør i Teutoburgerskogen i Nordrhein-Westfalen. I Niedersachsen vert ho ei relativt stor elv. Her er myrområdet Emsland kalla opp etter elva. I Meppen møter Ems den største sideelva si, Hase. Ho renn så nordover, nær den nederlandske grensa og inn i Aust-Friesland. Nær Emden renn ho ut i den nederlandske bukta Dollart (ein nasjonalpark) og held fram som ei tidvasselv mot byen Delfzijl.

Mellom Emden og Delfzijl dannar Ems grensa mellom Nederland og Tyskland, og har vore emne for ein liten krangel mellom dei to landa. Nederland meiner landegrensa går i det geografiske senteret i elvemunningen, medan Tyskland hevdar at grensa går langs det djupaste området i elva (som er nærare Nederland). Usemda har derimot aldri gått noko lenger enn at begge partar er einige om å vere ueinige.

Forbi Delfzijl renn Ems ut i Vadehavet, ein del av Nordsjøen. Dei to sunda som skil den tyske øya Borkum frå naboøyane Rottumeroog (Nederland) og Memmert (Tyskland) vert kalla Westere(e)ms og Osterems (Vest- og Aust-Ems).

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Det går forskjellige lange sykkelruter langs og over Ems:

Byar og kommunar langs Ems[endre | endre wikiteksten]

Ems nær Telgte
Ems nær Lingen

Sideelvar til Ems[endre | endre wikiteksten]

Ems i historia[endre | endre wikiteksten]

Ems var kjend for fleire forfattarar i antikken: Plinius den eldre i Naturhistorie (4.14), Tacitus i Annalar (Bok 1), Pomponius Mela (3.3), Strabo og Klaudios Ptolemaios, Geografi (2.10). Ptolemaios sitt namn for elva var Amisios potamos, og på latinsk Amisius fluvius. Dei andre nytta det same namnet eller Amisia, Amasia eller Amasios. Ein veit med stor tryggleik at dette er same elv, fordi ho alltid er ført opp mellom Rhinen og Weser, og var den einaste elva som førte til Teutoburgerskogen.

Amisius rann frå Teutoburgerskogen, heimstad til stamma Cherusci med Bructeri og andre stammar i nærleiken. Desse stammene var blant dei første frankarane. Romarane var ganske interessert i å innlemme dei i riket sitt og bygde derfor ei festning, Amisia, ved munningen av Ems. Sidan elva var framkommeleg for skipa deira håpte dei å møte stammene i den øvre delen av elva.

Rundt elva var derimot stort sett berre myrområde, og romarane fann ingen stad å gå i land. Dei kunne derfor ikkje nytte dei vanlege strategiane og taktikkane som var utvikla av den romerske hæren. Dei vart stoppa i slaget ved Teutoburgerskogen i år 9 evt, og vart slått tilbake igjen 6 år seinare. Ems vart ein veg som ikkje førte til nokon stad, og på grunn av myrområda kunne dei heller ikkje byggje bruer over ho.

Bygging av kanalar i meir moderne tider har knytt Ems til andre vassvegar, som har gjort ho til ein hovudvassveg for industriell transport.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]