Richard Florida
Richard Florida (fødd 1957) er ein amerikansk professor som driv med bystudie og har lagt fram teoriar om ein «kreativ klasse». Han er i dag busett i Toronto i Canada og Washington DC i USA.
Florida er fødd i Newark i New Jersey i USA av italiensk opphav. Han forsvarte doktorgraden sin ved Columbia University i 1986. Etter han var ferdig med doktorgraden var han tilknytta Heinz School of Management ved Carnegie Mellon University fram til 2005. Han var deretter eit par år ved School of Public Policy ved George Mason University. Florida vart professor ved Rotman School of Management ved University of Toronto i 2007.
Fagområda til Florida er økonomi, statsvitskap, geografi, sosiologi og sosialvitskap med særskild søkelys på byplanlegging.
I The Rise of the Creative Class nemner Richard Florida «dei tre T-ane»: Teknologi, Toleranse og Talent og at alle menneske er kreative. Det er dette som er grunnlaget for økonomisk vekst og utvikling i følgje Florida.
Flordia er ein bestseljande forfattar samt rådgjevar for byar og verksemder over heile verda, slik som IBM, BMW, Apple og Microsoft.
Florida besøkte Noreg i 2008, då han heldt foredrag på Citisense 08 i Larvik, einkonferanse om by- og næringsutvikling i framtida.
[endre] Bibliografi (utval)
- The Rise of the Creative Class and how itś transforming work, leisure, community and everyday life by Richard Florida, Basic Books, New York, 2002, ISBN 0-465-02476-9.
- The Flight of the Creative Class The New Global Competition of Talent by Richard Florida, Harper Business, Harper Collins Publishers, New York, 2005, ISBN 0-06-075690-X.
- Who's Your City? How the Creative Economy Is Making Where to Live the Most Important Decision of Your Life by Richard Florida, Basic Books, New York, 2008, ISBN 0-465-00352-4.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Creative Class Group, den private forskingseininga til Richard Florida
- How the Crash Will Reshape America by Richard Florida, in The Atlantic, March 2009
- Astrofysikar Eirik Newt: Richard Florida om hvordan krakket endrer USA, i blogg 2050, 18. mai 2009
- Adm. dir. Paul Chaffey i Abelia: Richard Florida om finanskrisens vinnere og tapere, i Chaffeys Blogg 18. mai 2008
- Fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik: Om Trondheim som byfylke og Richard Florida, Sør-Trøndelag Fylkeskommune
- Viktig med samarbeid i byregioner, Østlandsposten 20. september 2008
- Østlandsposten si samleside om Citisense